Elektronisk melding til Statsforvaltaren i Vestland via Altinn

Fleire har meldt frå om at dei ikkje får velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema til oss via Altinn. Det er òg nokon som får feilmelding dersom dei opnar elektroniske skjema direkte inne i Altinn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2021

Dersom du ikkje får til å velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema i Altinn, anbefaler vi deg å velje Hordaland eller Sogn og Fjordane. Feilen er meldt vidare.

Om du får feilmelding dersom du skal opne elektroniske skjema til statsforvaltaren direkte inne i Altinn, skuldast truleg det at lenkene har endra seg ved endring av informasjonstekst. Vi anbefaler at du finn fram til det skjemaet du vil sende oss via www.vergemal.no/skjema. Feilen er meldt vidare.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar