Ventar du på svar frå Statsforvaltaren i Vestland på søknaden din om verjegodtgjering?
Statsforvaltaren i Vestland har fått svært mange søknader om verjegodtgjering. På grunn av det har vi ei noko lengre saksbehandlingstid enn normalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi skal gjere det vi kan for å behandle søknader om verjegodtgjering så raskt som mogleg, slik at verjene får den godtgjeringa av oppdraget dei har krav på innan rimeleg tid.
På grunn av den store saksmengda, kan det likevel gå noko lengre tid før du får svar på søknaden din om godtgjering enn vanleg. Dette gjeld særleg dersom du har søkt om timebasert godtgjering, ettersom desse søknadene tek lengre tid å behandle enn søknader om godtgjering etter faste satsar.
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar