Skattemeldinga for 2023
Skatteetaten vil ta i bruk registeret for digitale verjefullmakter når dei sender ut skattemeldinga for 2023. Dette inneber at verja kun treng å logge seg inn med eiga Bank-id for å få tilgang til skattemeldinga til verjehavar.
Alle verjer for vaksne med alminnelege verjemål har fått tilsendt verjefullmakter som er tilpassa eit digitalt format. Frå 01.11.2023 har innhaldet i dei digitale verjefullmaktene gått fram av folkeregisteret.
Skatteetaten blir den første aktøren som tek i bruk registeret, når dei sender ut skattemeldinga for 2023 i perioden 07.03.2024 til 22.03.2024.
Det inneber at verja kun treng å logge seg inn med eiga Bank-ID for å få tilgang til verjehavaren sin skattemelding.
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar