Fiskerettshavarar må organisere seg

Ny forskrift krev at fiskerettshavarane må organisere seg i eit felles lag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.04.2014

Formålet er å sikre ei god organisering av fiskerettshavarar og ei god forvaltning av ressursane. Fiskerettshavarane vil i større grad enn i dag kunne bestemme fiskereglar for vassdraget og betre utføre pålagte oppgåver som fangstrapportar, informasjonstiltak og driftsplanar.

Mange laksevassdrag er for dårleg organisert. Det er laga ei ny forskrift som krev at fiskerettshavarar no må organisere seg i eit felles forvaltningsorgan. Den nye forskrifta gjeld pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk med fastsett gytebestandsmål på meir enn 100 kilo holaks.

Fylkesmannen samarbeider med Miljødirektoratet og Norske lakseelver om rettleiing og oppfølging av forskrifta. Norske lakseelver har laga informasjonsmateriell som er tilgjengeleg på www.lakseelver.no under tema – lokal driftsplanbasert forvaltning – organisering av rettshavarar. Arbeidet må vere ferdig innan 25. juni 2015. Norske lakseelver vil kunne bistå elveeigarlaga i det vidare arbeidet.

Fylkesmannen har gjennomført fire møte med elveeigarlaga i fylket der Norske lakseelvar informerte om arbeidet som må gjennomførast. Møta vart halde på Oppdal for Drivavassdraget i si heilheit, på Skei i Surnadal for øvrige vassdrag på Nordmøre, i Molde for vassdraga i Romsdal distrikt og til slutt i Ørsta for vassdraga på Sunnmøre. Møta hadde til saman om lag 70 representanter frå om lag 50 vassdrag.