Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyheiter - miljø og klima
26.06.2026Oppstartsmelding for vern av skog langs Hjørundfjorden
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder oppstart av plan for utvida vern av to naturreservat langs Hjørundfjorden.
24.06.2026
Søknad om utfylling i sjø ved Gideonvegen i Molde
Planor Bolig AS søkjer om løyve etter forurensningsloven til utfylling i sjø ved Gideonvegen vest, gnr. 23 bnr. 945, 290, 480, 481, 483 og 485.
23.06.2026
Fem verneområde for skog i Møre og Romsdal
Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 35 skogområde, der fem ligg i Møre og Romsdal. Dei er spreidd i heile fylket og inneheld naturtypar som manglar i dei verneområda vi har frå før.
16.06.2026
Søknad om tiltak i sjø ved Todalsfjorden i Surnadal kommune
Statnett SF søkjer om løyve etter forurensningsloven til mudring og utfylling ved gnr. 136 bnr. 1 og 3 i tilknyting til etablering av kaihakk.
27.05.2026
Inviterer til fagdag om slåttemark og hagemark 12. juli
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk Landbruksrådgiving inviterer til fagdag om restaurering og skjøtsel av slåttemark og hagemark på garden Høystakli på Kleive, laurdag 12. juli.
18.05.2026
Tilsyn ved skipsverft i Møre og Romsdal: Manglar i utsleppskontroll og internkontroll
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført ein større tilsynsaksjon ved skipsverft i fylket. Målet har vore å sjå til at verksemdene følger regelverket for utslepp og internkontroll etter forureiningsforskrifta kapittel 29.
15.05.2026
Søknad om løyve etter forurensningsloven - Hofseth AS
Hofseth AS søkjer om løyve etter forurensningsloven til ein årleg produksjon på inntil 13 500 tonn filet av laks ved anlegget sitt i Syvdefjordvegen 432, 6140 Syvde.
30.04.2026
Utsetting av framande treslag til skogbruksføremål – nytt søknadsskjema
Sidan 2012 har utplanting av utanlandske treslag til skogbruksføremål, inkludert juletre- og pyntegrøntproduksjon, vore regulert etter eiga forskrift. Frå 30. april 2026 skal du bruke eit nytt søknadsskjema for å søke om løyve.
29.04.2026
Tilskot til vern av trua fugleartar i jordbrukslandskapet
Har du trua fugleartar hekkande i enga? Du kan gjere avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar. Du kan søke om tilskot til dette gjennom regionalt miljøprogram.
28.04.2026
Tussa Energi AS søkjer om mellombels utsleppsløyve i Volda kommune
Søknaden omfattar utslepp av anleggsvatn og forureining frå anleggsdrift i tilknyting til bygging av Tussa II kraftverk og rehabilitering av Dam Tyssevatnet.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel