Vedtak om løyve til utslepp ved utfylling ved Fiskåholmen i Vanylven kommune

Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utslepp frå utfylling i sjø ved Fiskåholmen i Vanylven kommune.

Publisert 19.05.2023

Løyvet gjeld utslepp i tilknyting til utfylling i sjø for å utvide bruksarealet i eit området regulert til industri. Totalt skal det fyllast ut 372 000 m3 massar over eit areal på 57 400 m2.

Eventuelle kommentarar til vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker etter vedtaket.

Kontaktpersonar