Referat frå arbeidsmøte 10.05.2021 om naturfagleg grunnlagsrapport

Statsforvaltaren hadde eit arbeidsmøte med kommunane, regionale etatar og viktige næringsinteressentar 10.05.2021. Presentasjon og referat frå møtet finn du i denne artikkelen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På møtet gjekk Statsforvaltaren gjennom Akvaplan-niva sin naturfaglege grunnlagsrapport, med vekt på vurderingar av aktuelle område med strengare restriksjonsnivå eller referanseområde.
Deltakarane på møtet gav deretter sine synspunkt på rapporten og forslaga. Vegen vidare i verneplanarbeidet vart også drøfta.
Statsforvaltaren vil no arbeide fram eit mogleg framlegg til avgrensing/utforming av marine verneområde ved Giske. Grunnlaget for dette arbeidet er det samla materialet som har komme fram så langt i prosessen, inkl. tilbakemeldingane på møtet 10.05.2021. Eit arbeidsutkast til avgrensing vil bli drøfta vidare med kommunane og sentrale aktørar, og ligge til grunn for utarbeiding av høyringsdokument.
Kontaktpersonar
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75