Tilråding om vern av Giske marine verneområde
Statsforvaltaren tilrår at eit sjøareal på om lag 72,8 km2 blir verna som Giske marine verneområde med heimel i § 39 i naturmangfaldlova. Av dette er 52 km2 sett av til ei restriksjonssone med forbod mot tarehausting.
Statsforvaltaren har sendt si tilråding om vern av Giske marine verneområde til Miljødirektoratet. Oversendingsbrevet, tilråding og andre vedlegg er å finne under Dokument til høgre på sida. Miljødirektoratet vil i sin tur gi si tilråding til Klima- og miljødepartementet, som til slutt legg forslaget fram for Kongen i statsråd.
Giske er tatt med i marin verneplan som representant for spesielle grunnvassområde langs kysten som eitt av få område i Sør-Noreg med store areal med sand og mudderbotn. Det representerer spesielle naturtypar som har avgrensa førekomst nasjonalt, men er meir vanlig i denne landsdelen.
Verneverdiane er knytt til store grunne areal med stein-, sand- og mudderbotn, plante- og dyrelivet som lever på og i botnen, og dei spesielle geologiske og hydrodynamiske forholda som har skapt og opprettheld naturtypane. Det er godt utvikla tareskog i store deler av området, og den marine floraen og faunaen består av eit rikt mangfald av artar karakteristisk for grunne område med sand, grus, stein og fjell. Dei marine naturkvalitetane er også grunnlag for viktige funksjonsområde for m.a. sjøfugl, ender og vadarar.
Vern av Giske marine verneområde vil sikre mot framtidige tyngre tekniske inngrep, og tareskogen i store delar av området vil vere utan tarehausting. Fiske, jakt og anna hausting vil kunne fortsette.
Øvre avgrensing av området er føreslått til marbakken/to meter under sjøkartnull, unntatt der verneområdet er trekt utanom ulik infrastruktur (grensa går djupare), og der verneområdet grenser til eksisterande naturreservat på land og i sjø (grensa går grunnare: opp til normal flo). I tillegg er grensa mot eigarlause holmar og skjer definert opp til normal flo. Det inneber at privat grunn er omfatta i avgrensa omfang.
I tilrådinga gir statsforvaltaren ein gjennomgang av grunnlaget for vern, verneprosessen og merknader til høyring av verneforslaget. For grundigare omtale av verneverdiar og verknader av verneplanforslaget viser vi i hovudsak til verneplanomtalen i høyringsdokumenta.
Kontaktpersonar
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75 -
Linda Aaram
Tlf: 71 25 84 23 / 97 50 31 85