Åfarnes og Eidsbygda får ikkje turiststad-status
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har konkludert med at bygdene Åfarnes og Eidsbygda ikkje skal få status som typiske turiststader.
Kommunestyret i Rauma viser i søknaden til at Åfarnes er ferjeknutepunkt på riksveg 64 mellom Molde og Åndalsnes, i skjeringspunktet mellom Atlanterhavsvegen og Trollstigen. Dei skriv også at Eidsbygda er eit av dei viktigaste lokale servicesentera i denne delen av kommunen.
Høg terskel for søndagsope
Forbodet mot søndagsopne butikkar står i helligdagsfredloven. Statsforvaltaren kan lage ei forskrift om at eit område kan reknast som typisk turiststad heile eller deler av året, og dermed få unntak frå lova. I Rauma kommune har Åndalsnes denne statusen i sommarsesongen, 1. mai til 31. august.
– Ein typisk turiststad er som regel ein mindre stad der talet på innbyggjarar er lågt samanlikna med talet på tilreisande. For å få denne statusen er det avgjerande at salet i den aktuelle perioden i all hovudsak skjer til turistar, forklarar seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren.
Kva er ein «turist»?
Begge bygdene opplever stor omsetnadsauke i sommarmånadane når turisttrafikken er stor. Dette er likevel vanleg for mange mindre stader i Noreg på sommaren, særleg dei som ligg nært populære turistdestinasjonar. For at ein skal reknast som «turist» etter regelverket må det være tale om stader som i seg sjølv er ein turistdestinasjon, og ikkje berre stader lags vegen som folk køyrer innom på veg til andre destinasjonar.
– Basert på den informasjonen som er sendt inn, kan ikkje Statsforvaltaren sjå at daglegvarebutikkane i Åfarnes eller Eidsbygda har omsetnadsauke som kjem av turistar som har desse bygdene som destinasjon, avsluttar Småland.