Inn på tunet
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. Statsforvaltaren si hovudoppgåve er å legge til rette og rettleie kommunane og næringa.
Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.
Dei viktigaste tenesteområda for Inn på tunet (IPT) er oppvekst og opplæring, arbeidstrening og rehabilitering, og helse og omsorg. IPT-garder kan også tilby tenester innan integrering, kriminalomsorg og førebygging.
Statsforvaltaren sin rolle
Statsforvaltaren skal synleggjere Inn på tunet som aktuelt tiltak innanfor arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er av Landbruksdirektoratet tildelt eit pilotprosjekt i Inn på tunet løftet 2 for 2020 - 2022. Prosjektet skal kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet (IPT) -tenester, med spesielt fokus på vidaregåande elevar og ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.
Helsefremjande
Forsking viser at tidleg innsats og tilgang på alternative lærings- og omsorgstilbod kan gje helsefremjande effekt og redusert kjensle av einsemd, auka motivasjon og meistring, samt sosial og personleg utvikling for brukarane gjennom auka sosial kontakt, fysisk aktivitet og redusert stress.
Landbruket kan via IPT vere ein ressurs for kommunane og storsamfunnet innan arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet. IPT er blant anna nemnd som eit relevant tilbod i «Demensplan 2020» , i «Leve hele livet. Regjeringa sin strategi for god psykisk helse 2017-2022» og i "Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse (2019-2024)". Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2018 revidert rettleiar for «Grønt arbeid», som er eit arbeidstilbod på gard i regi av NAV for menneske med psykiske og/eller rusrelaterte helseproblem.
– Inn på tunet er eit viktig tilbod for å byggje heile folk
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad sette fokus på viktigheita av å ha Inn på tunet-tilbod, då ho nyleg besøkte Bøen Gard i Gjerdsvika i Sande.
Publisert 23.06.2021
Inn på tunet som alternativ opplæringsarena
Pilotprosjektet i «Inn på tunet-løftet» med fokus på vidaregåande skule har gjennom arbeidsverkstader denne våren sett nærare på kva som skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod
Publisert 21.05.2021
Kva skjer i Inn på tunet-løftet?
Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektside.
Publisert 09.03.2021
Ynskjer fleire ungdomar inn på gardstunet
Kva skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod? Det skal eit prosjekt leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sjå nærare på.
Publisert 04.11.2020
Nye grupper skal inn på gardstunet
Pilotprosjektet «Inn på tunet-løft for Møre og Romsdal» skal leiast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. No skal nye brukargrupper oppleve helse, utvikling og trivsel på garder i fylket.
Publisert 26.11.2019
Filmar om Inn på tunet-tilbod
Inn på Tunet i Møre og Romsdal har laga ei rekkje kortfilmar om ulike tilbod av tenester, som Inn på Tunet kan tilby. Filmane gir ei særleg god beskriving av kva tilboda kan innehalde.