Informasjonsbrev veke 23/2026
- Observasjon av misfarging på gran
Publisert 03.06.2026
Observasjon av misfarging på gran
Det er observert misfarging på gran i fylket vårt. Vi ber dykk som har ansvar for skogbruk i kommunen om å vere merksame på eventuelle skadar på gran i tida framover.
Det de særleg bør sjå etter, er misfarging av nåler og tre. Per i dag kjenner vi ikkje årsaka til dette.
Dersom de gjer observasjonar, ber vi om at de tek bilete og registrerer funna i skogskadeportalen på skogskader.no Skogskader .
Dette er viktig for å få betre oversikt og for å kunne følgje utviklinga vidare.
Kontakperson: Christina Qvam Heggertveit