Informasjonsbrev veke 23/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Observasjon av misfarging på gran 
Publisert 03.06.2026

Observasjon av misfarging på gran 

Det er observert misfarging på gran i fylket vårt. Vi ber dykk som har ansvar for skogbruk i kommunen om å vere merksame på eventuelle skadar på gran i tida framover. 
Det de særleg bør sjå etter, er misfarging av nåler og tre. Per i dag kjenner vi ikkje årsaka til dette. 
Dersom de gjer observasjonar, ber vi om at de tek bilete og registrerer funna i skogskadeportalen på skogskader.no  Skogskader . 
Dette er viktig for å få betre oversikt og for å kunne følgje utviklinga vidare. 
 
Kontakperson: Christina Qvam Heggertveit