Informasjonsbrev veke 46/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-11 – Frist 22. november 
  • Jordvernkonferanse 5. desember - påmeldingsfrist 17. november 
  • Jordvernmål nyttar 
  • Fylkesstatistikk 2023 for Møre og Romsdal 
  • Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.11.2023

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-11 – Frist 22. novembe

Virkesopplysningar for periode 2023-11 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 22. november. Det er viktig at det blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.     

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Jordvernkonferanse 5. desember - påmeldingsfrist 17. november 

På FN sin internasjonale jorddag 5. desember, arrangerer NIBIO, Jordvern Norge og Norges Bondelag konferanse om jordvern. Konferansen vert arrangert på Ingeniørenes hus i Oslo kl. 09.30 til 16.00, men det er også mogleg å delta digitalt. Deltakaravgift digitalt kr. 250,- 

Kontaktperson: Tormod Meisingset 

 

Jordvernmål nyttar 

Statistikken viser at det nyttar å sette seg jordvernmål. Bustadbygging står likevel for over 40 % av nedbygginga av dyrka mark i Møre og Romsdal. Skal vi nå det nye regionale jordvernmålet på 100 dekar, så må kommunane sjå på anna alternativ enn matjord som utbyggingsareal. 

Kontaktperson: Tormod Meisingset 

 

Fylkesstatistikk 2023 for Møre og Romsdal 

Møre og Romsdal Fylkeskommune presenterer årleg ein Fylkesstatistikk. Den skal bidra til å identifisere utfordringar i fylket, gje kunnskapsgrunnlag for avgjerder, og vere eit innspel i samfunnsdebatten. 

Landbruk er omtalt i eit eige kapittel, skrive av oss på Landbruksavdelinga. I år har vi med tre artiklar. I tillegg til artikkelen om at jordvernmål nyttar som omtalt ovanfor, skriv vi om: 

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

 

Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal 

Studentar som skriv  oppgåve om bruk av tre i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan søke om kr 10 000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal. Tredrivaren sitt stipend skal oppmuntre til samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebaserte næringar.  

Målet er å lage koplingar som på sikt gir kompetanseheving, innovasjon og rekruttering. 

Les meir her: 

Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

 

Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit