Gyrobekjemping

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris (G. salaris) er ein alvorlig trussel mot norske laksebestandar. Mattilsynet har ansvaret for overvaking, førebygging og smittebegrensande tiltak. Miljødirektoratet har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tiltakshavar for bevaring og reetablering av fiskebestandane.

Publisert 05.02.2013, Sist endret 16.09.2021

G. salaris reknast for å vere den alvorlegaste menneskeskapte trusselfaktoren som har ramma norske laksebestandar. I Møre og Romsdal vart elvene i Raumaregionen friskmeldt i 2019. I 2024 vart kjemisk behandling avslutta i Drivaregionen, og elvene skal gå gjennom eit overvakings- og friskmeldingsprogram på minst 5 år.


Publisert 28.06.2017

Åpning av fiskesperra i Driva

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Lars Andreas Lunde stod for den offisielle åpninga av fiskesperra i Driva mandag 26. juni. Det var Miljødirektoratet som inviterte til markeringa av Norges største fysiske fiskesperre.


Publisert 24.08.2015

Drivaregionen - informasjonsside

I dag slippes informasjonssida om drivaregionen www.drivaregionen.no.


Publisert 30.04.2014

Møte i Samarbeidsrådet for Drivaregionen

Regjeringa har for inneverande år løyvd eigne midlar til oppstart av bygginga av fiskesperra i Driva.


Publisert 24.01.2014

Informasjon om rotenonbehandlinga i Raumaregionen 2014

Veterinærinstituttet (VI) vil sende ut vedlagte brev til grunneigarar på bakgrunn av adresselister frå grunneigarlaga.


Publisert 13.05.2013

Løyve til rotenonbehandling i Rauma

Miljøverndepartementet har den 10.05.2013 gjeve løyve til kjemisk behandling av vassdraga i Raumaregionen.


Publisert 04.04.2013

Bekjemping av lakseparasitten i Raumavassdraga

Fylkesmannen har søkt Miljøverndepartementet og Mattilsynet om løyve til kjemisk behandling av vassdraga i Rauma-regionen. Formålet med tiltaket er å bekjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris.