Webinarserie: Klima, energi og planlegging i Møre og Romsdal

Illustrasjonen inneheld eit kart over Møre og Romsdal fylke med overskrifta SPR klima og engergi og teksten arealplanlegging, energibruk og energiproduksjon, nettutvikling og næringsutvikling.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar og nettselskap til ein webinarserie om oppfølging av Statlige planretningslinjer for klima og energi (SPR KE).

Publisert 26.06.2026

Hald av datoar og klokkeslett for webinarserien: 4. september, 2. oktober, 6. november og 4. desember 2026, klokka 09.00–11.00.

Målet med webinarserien er å styrke kunnskapsgrunnlaget og samarbeidet om energi- og arealplanlegging i fylket. Vi vil særleg rette merksemda mot korleis kommunar og nettselskap saman kan møte utfordringar knytte til kraftsituasjon, nettkapasitet og grøn omstilling.

Møre og Romsdal står overfor eit stadig press på kraftsystemet. Samstundes aukar behovet for betre samordning mellom:

  • arealplanlegging
  • energibruk og energiproduksjon
  • nettutvikling og næringsutvikling

Ny kunnskap og verktøy, mellom anna om energiforbruk og spillvarme, vil bli viktig framover. NVE og Enova utviklar no kartløysingar basert på data frå energikartlegging, som vil gjere det enklare å identifisere moglegheiter for betre utnytting av energi lokalt.

Webinarserien skal bidra til:

  • auka forståing av energisystemet
  • betre samarbeid mellom kommunar og nettselskap
  • meir heilskaplege og realistiske planar

Gjennom serien vil vi belyse mellom anna:

  • energiplanlegging og kunnskapsgrunnlag
  • nettkapasitet som ramme for utvikling
  • effektiv og fleksibel energibruk
  • fornybar energi og lokal energiproduksjon
  • utnytting av overskotsvarme
  • utsleppsfrie løysingar, mellom anna byggeplassar  

Det blir lagt opp til fire webinar:

Fredag 4. september kl. 09.00–11.00

SPR Klima og energi – Energisituasjonen i Møre og Romsdal  

Fredag 2. oktober kl. 09.00–11.00  

SPR Klima og energi – Energi i kommunal planlegging  

Fredag 6. november kl. 09.00–11.00

SPR Klima og energi – Energiproduksjon, kraftsystem i endring og samarbeid med nettselskap  

Fredag 4. desember kl. 09.00–11.00

SPR Klima og energi – Nettkapasitet og eksempel frå kommunar  

Kven bør delta?

  • kommunedirektørar og leiing
  • planleggjarar og saksbehandlarar
  • klima- og energiansvarlege
  • nettselskap og energiselskap  

Webinara vil bli publiserte i vår kurs- og konferansekalender fortløpande. Der vil du finne lenke til påmelding til kvart webinar så snart det er klart.

Vidare arbeid

Webinara inngår i eit større arbeid med å etablere gode møteplassar og samarbeid mellom aktørane i fylket. Det blir òg vurdert å arrangere ei eiga samling/marknadsdialog for kommunar og nettselskap.

Velkomen til ein webinarserie som skal bidra til betre beslutningsgrunnlag og sterkare samhandling om energi i Møre og Romsdal.