Framande planter
Framande artar har stor evne til å spreie seg, og utkonkurrere stadeigne artar. Det å få kontroll på spreiinga og nedkjempe artane der det er mogleg er derfor viktig. Og du kan hjelpe til!
Framande artar er artar som finst utanfor sin naturlege veksestad. Planteimport er ei av hovudkjeldene til spreiing av framande planteartar. Fleire planteartar har stort invasjonspotensiale og er vurdert å ha svært høg økologisk risiko.
Statsforvaltaren jobbar med nedkjemping og tiltak mot dei framande planteartane i Møre og Romsdal. I 2024 har vi prioritert kjempebjørnekjeks, rynkerose og nokre område med kjempespringfrø.
Til venstre: Kjempebjørnekjeks. Øvst: Rynkerose. Nedst: Kjempespringfrø.
Artar som parkslirekne, hagelupinar og legepestrot m.fl. har vi dessverre ikkje midlar til å fjerne utanfor naturreservata. Her er vi avhengige av at andre trør til!
Til venstre: Hagelupin. Øvst: Parkslirekne. Nedst: Legepestrot.
Metodane vi brukar er luking, nedkapping, utspading av røter eller behandling med plantevernmiddel. Dei ulike artane reagerer ulikt på forskjellig behandling alt etter om dei er eitt-årige eller fleirårige, korleis rotsystemet er, og om dei formerer seg med frø eller vegetativt. Feil tiltak kan gjere meir skade enn nytte.
For å vite kor og korleis ein skal nedkjempe framande artar, er det viktig å ha god oversikt over spreiinga. Du kan som privatperson være med å auke kunnskapen om utbreiinga av dei framande artane. Lær deg korleis dei ser ut, og registrer dei gjerne i Artsobservasjoner.
Kva kan du gjere i kampen mot framande planteartar:
- Ikkje plant forbodne plantar på eigedommen din.
- Fjern framande artar frå eigedommen din, men gjer det på rett måte.
- Ikkje dumpe hageavfall i naturen. Framande artar skal leverast til godkjent avfallsanlegg.
- Lær deg korleis framande artar ser ut, og rapporter gjerne funn i Artsobservasjoner.
- Meld frå om funn av kjempebjørnekjeks, rynkerose og kjempespringfrø på heilt nye stader til Statsforvaltaren.
- Snakk med andre om at framande artar bør fjernast og er ein trussel for naturen og det biologiske mangfaldet.
Meir informasjon om tiltak mot framande artar finn du her:
Kontaktpersoner
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 / 95 11 17 67