Lisens- og kvotejakt
Forskrift 18. mars 2005 nr. 242 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta) har reglar om opning for felling av gaupe, jerv, ulv, brunbjørn og kongeørn. Når bestanden av den einskilde rovviltarten ligg over dei nasjonalt fastsette bestandsmåla for rovviltregionen, har Rovviltnemnda mynde til å fatte vedtak om kvote for lisensfelling og kvote for kvotejakt. Når bestandsmålet ikkje er nådd, er det Miljødirektoratet som har denne myndigheita.
Kvotejakt
Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9, og er omfatta av dei samme reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.
Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegarar om du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.
Den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for enten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.
Lisensfelling
Rovviltforskrifta opnar for lisensfelling av gaupe, jerv, bjørn og ulv. Alle desse artane er definert som storvilt, og du må avlegge skyteprøve for storvilt dersom du skal jakte med rifle. Det er kun tillate å nytte rifle til felling av ulv og bjørn.
Lisensfelling er skademotivert felling med heimel i naturmangfaldlova § 18 bokstav b). Du må vere registrert som lisensjegar i Jegerregisteret for å delta i lisensfellinga. Registreringa er gratis. For å registrere deg som lisensjegar, må du løyse jegaravgift for det aktuelle jaktåret og ha overhalde rapporteringsplikta i rovviltforskrifta § 16.
Avlagt skyteprøve i jaktåret gjeld for deltaking i lisensfellinga til og med 31. mai.
Betalt jegeravgift er kun gyldig for jaktåret, dvs. ut mars månad. Lisensjegarar som skal delta i lisensfelling av ulv etter 31. mars, må betale jegeravgift og registrere seg som lisensjegar for nytt jaktår før dei kan delta i lisensfellinga.
Ut over kravet til registrering som lisensjegar, gjeld reglane som for ordinær jakt. For å utøve lisensfelling må du ha grunneigaren sin tillatelse.
Bruk av jervebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.
Fellingsperiode i Møre og Romsdal
Jerv 10. september t.o.m. 15. februar
Bjørn 21. august t.o.m. 15. oktober
Ulv 1. desember t.o.m. 31. mai (endring av 19.03.2019 i rovviltforskrifta § 10)
Båsfangst
Statsforvaltaren kan gi løyve til bruk av båsfelle for fangst av jerv og gaupe, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst § 31 a). Ved første gongs utplassering og ved endra plassering av båsen, må du søke Statsforvaltaren om godkjenning. Både båsfella, plassering og tilsyn må godkjennast før båsen kan nyttast til fangst. Søknaden skal innehalde opplysningar om:
-
Rovviltart
-
Båsen sin konstruksjon (og tilstand)
-
Kartfesting med UTM-koordinatar
-
Oversiktskart som viser kvar båsen skal stå
Den som skal opne tidlegare godkjent bås for fangst i komande fangstperiode, skal sende melding om dette til Statsforvaltaren før fangsten tar til. Slik melding skal gjevast skriftleg til sfmrpost@statsforvalteren.no. Meldinga skal innehalde opplysningar om kven som skal føre tilsyn og om tilstanden til båsen (er det gjort utskiftingar/behov for utskiftingar). Etter mottatt melding, sender Statsforvaltaren ut skiftleg stadfesting på at båsen kan opnast.
Det skal førast tilsyn med båsen minst kvar morgon og kveld. For jerv kan fysisk tilsyn erstattast med kamera kombinert med elektronisk varsling. Detaljar om kamera og elektronisk varsling finn du i denne nettartikkelen. Tilsyn kan utførast av andre enn lisenshavaren. Innfanga vilt skal avlivast straks. Dersom det er fanga jerv i båsen, er det lisenshavaren som er ansvarleg for straks å avlive jerven og sleppe fri vilt som ikkje er tillate fangsta i båsen. For avliving av gaupe og jerv i bås, kan det nyttast våpen i kaliber 22LR, om ein ikkje nyttar ordinært godkjent våpen for jakt på desse artane.
Kontaktpersoner
-
Edvard Emblem Lund
Tlf: 71 25 84 27 -
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75
Lenker
Kvotetelefon
Jerv: 71 25 85 02
Gaupe: 71 25 85 01
Bjørn/Ulv: 71 25 85 03
Meld frå om felling
Tlf: 90 92 60 16