Start på skogvern i Sunndal og Nesset
Det er aktuelt med vern av Hisdalen i Sunndal kommune og Mardalen i Nesset kommune. Fristen for innspel til denne meldinga er 08.04.14.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Noregs Skogeigarforbund har mellom anna som oppgåve, i samarbeid med skogeigarane, ei rolle i det nasjonale arbeidet med frivillig vern av skog. Dette er ei ordning der skogeigarane tilbyr Staten skog til freding.
På bakgrunn av naturfaglege data samt semje med grunneigarane i desse to områda om mellom anna erstatningsbeløpa og prinsippa i restriksjonsnivået, har Miljødirektoratet gitt Fylkesmannen i Møre og Romsdal i oppdrag å setje i gang med ein verneplanprosess etter naturmangfaldlova.
I denne første fasen av prosessen er det ønskeleg å få fram mest mogleg kunnskap og informasjon om bruken av områda eventuelt også om andre verdiar og interesser som det kan vere aktuelt å vite om og eventuelt ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.
Etter at innspelfristen har gått ut, vil det bli laga eit verneframlegg med vernekart og verneforskrifter og som så blir sendt på høyring og med ein høyringsfrist på to månader.
Hisdalen i Sunndal kommune
Området Hisdalen, som er på 3 303 da, ligg ved Sunndalsfjorden og ca. 12 km nordvest for Sunndalsøra.
Naturen i Hisdalen kan karakteriserast som sjeldan og området representerer fleire naturtypar med store verdiar knytet til gammal furuskog, dels også gammal lauvskog, rik edellauvskog og kalkskog. Området er lite påverka av inngrep og kontinuiteten i gamle tre og daudt trevirke er god. Hisdalen med sin bratte bekkekløft aukar variasjonsbredda i reservatet og området har samla sett ein særlig verdi for det biologiske mangfaldet.
Området er velutvikla og med fleire sjeldne artar. Spesielt varmekrevjande artar av planter, sopp og insekt. Høgdegradienten frå Sunndalsfjorden og opp til fjellet er med på å auke artsmangfaldet.
Mardalen i Nesset kommune
Mardalen, som er på 4017 dekar, ligg på nord og vestsida av elva Mardøla i Eikesdal. Eit naturreservat i Mardalsbotn inneber ei endring av vernegrensa for Eikesdalsvatnet landskapsvernområde og Sandgrovbotn–Mardalsbotn biotopvernområde. Det er vidare aktuelt at Jutneset naturreservat blir slått saman med det nye i Mardalen.
Karakteristisk for Mardalen er den varierte lauvskogen med element av trua og sjeldan natur. Her er ein velutvikla edellauvskog med styva almar og hasselskog. I andre deler av området omfatter naturverdien gråor-heggeskogen. Artsmangfaldet er usedvanlig rikt, både av lav og sopp. Ein spesiell kvalitet er haustingsskogen med styva almar som både har ein særskilt naturvitskaplig og kulturhistorisk verdi. De fleste sjeldne sopp- og lavartane er registrert i den gamle haustingsskogen.
Eit mindre område opp mot Mardalsfossen er påverke av fossesprøyt. Her er mosematter, men også gras og karplanter som er avhengige av rikelig med vatn og som representerer naturtypen fossesprøytsone.