Ny rekord for frivillig skogvern
Åtte område i Møre og Romsdal har no fått status som naturreservat. Med dei to områda som fekk vern i juni, blir 2025 året med mest frivillig skogvern sidan ordninga kom i 2003.
Naturreservata vart oppretta av regjeringa 12. desember 2025. Føremålet er å sikre at naturverdiar i rike edellauvskogar og gamle furuskogar blir teke vare på for framtidige generasjonar.
Samla sett utgjer naturreservata drygt 14.000 dekar med
- Fløystaddalen i Tingvoll
- Viromdalen i Sunndal
- Fem mindre område i Aure, Molde, Ålesund og Volda kommunar
- Utviding av Ørnakken naturreservat i Ålesund
Opprettinga av desse naturreservata gjer at vi får meir av skogstypane som manglar i skogvernet, blant anna gammal oseanisk furuskog og rik edellauvskog.
Skal ta vare på biologisk mangfald
Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er å verne viktige skogområde slik at ulike skogtypar blir teke vare på for kommande generasjonar.
Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane.
Skogvern har vore ein høgt prioritert del av verneplanarbeidet i Noreg dei siste 20 åra. Ordninga fungerer godt, og både grunneigarar og forvaltninga er nøgde med resultata.
Går ikkje ut over andre samfunnsinteresser
Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og konkludert med at det ikkje skadar andre samfunnsinteresser, som skogbruket.
Vernet inneber likevel nokre restriksjonar på bruken av området. Tiltak som kan endre naturmiljøet er forbode. Det gjeld mellom anna nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking og motorisert ferdsel. Nokre tiltak kan få løyve etter søknad.
Vanleg friluftsliv kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.
Forvaltningsansvaret
Sunndal kommune får forvaltingsansvaret for Viromdalen naturreservat, medan Statsforvaltaren skal ta vare på dei sju andre. Dette omfattar behandling av dispensasjonssøknader, skjøtsel og fjerning av framande treslag, samt overvaking og formidling av verneverdiane.
Kontaktpersonar
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 -
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80 -
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08