Endring av verneform - Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde
Statsforvaltarane i Trøndelag og i Møre og Romsdal har sendt brev til dei seks kommunane som har areal i Trollheimen landskapsvernområde og Innerdalen landskapsvernområde om dei gir lokal aksept for å greie ut omgjering til nasjonalpark. Det kan også vere aktuelt med utvidingar.
Kommunane har frist til 1. november for å avklare om dei gir lokal aksept for at Statsforvaltarane kan starte opp prosessen med utgreiing av styrka vern av Trollheimen og Innerdalen. Statsforvaltarane har i april gjennomført ei rad informasjonsmøte om mogleg verneplanarbeid.
Brevet til kommunane, møtepresentasjon, referat frå informasjonsmøta og meir informasjon finn du på Statsforvalteren i Trøndelag sine nettsider (sjå lenke i menyen).
Kommunane som er omfatta er Sunndal, Surnadal, Rindal, Orkland, Rennebu og Oppdal.
Kontaktpersoner
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75 -
Linda Aaram
Tlf: 71 25 84 23 / 97 50 31 85