Klimasnu

Satsinga Klimasnu var eit av dei tverrfaglege satsingsområda til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i perioden 2020-2023. Prosjektfasen har no gått over til vanleg driftsfase og vi fortsett å prioritere klimaomstilling og natur som del av arbeidsplana for å nå berekraftsmåla innan 2030.

Klimaendringane og tap av natur er nokon av dei største utfordringane vi står ovanfor. Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.

I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å redusere klimagassutslepp og tap av natur i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.

Satsinga Klimasnu skal

  • vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
  • styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
  • utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
  • sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem

Satsinga er forankra i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.


Publisert 19.11.2020 av Administrator

Klimasnu!

Det haster. Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane no! Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal gjere det vi kan for at klimaendringane blir så små som mogleg. Det krev ei klimaomstilling – ein klimasnu.


Kontaktpersoner

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.

Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.