Kommunane og Klimasnu: Ta vare på myra!
Øydelegg du myra risikerer du å sleppe ut karbon som har vore lagra sidan istida. Med god planlegging kan kommunen ta vare på myra som karbonlager.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Noko av verdas viktigaste karbonlager ligg i myra. I areal dekker verdas myrer meir enn heile India. Desse myrene inneheld over 400 gigatonn karbon. Dette svarar omtrent til det forskarane seier vi kan sleppe ut, og framleis nå målet om å stanse den globale oppvarminga på 1,5 til 2 gradar. Det er viktig å ha gode karbonbudsjett og gjere riktige vurderingar etter naturmangfaldlova om du vurderer å gjere inngrep i myr. Som hovudregel bør vi la myra få stå i fred.
Naturmangfald
Myra er levestad for ein rekke trua artar av mose, karplantar og insekt. Mange fuglar lever store delar av livet sitt i myra. Dei finn mat i alle insekta som oppheld seg her. Andre fuglar er heilt avhengig av myr for å finne make, eller dei nyttar myra som rasteplass i haust- og vårtrekka. For planteliv er det forskjell på rike myrer med stort artsmangfald, og fattige myrer som har færre artar. Til gjengjeld er dei fattige myrene gjerne viktigare som karbonlager fordi dei er djupare.
Klimatilpassing
Myra har ei viktig rolle ved klimatilpassing. Den fungerer som ein slags vasstank i landskapet. Den kan motverke flaum ved mykje nedbør og redusere risiko for skogbrann. Myra kan heve og senke seg ganske mykje. Gjennom sesongen vil høgda på myra variere i tråd med nedbørsmengda. Torvmosen har døde celler som fungerer som ein svamp. - Mosen gjer at myra held betre på vatn og bremsar flaum og problem med overvatn. I tillegg brenn vegetasjon på vassmetta jord dårleg. Under ekstrem tørke, som vi vil få meir av dei komande åra, vil det øvste laget i myra også kunne ta fyr, men dette vil skje oftare på drenert myr. Intakt natur står alltid betre mot ekstreme hendingar.
God arealplanlegging
I dag er det relativt lett å bygge ned myr til fordel for vegar, bustadar, næringsparkar og hyttefelt. Dette skjer trass i myras gode eigenskapar når det gjeld karbonlagring, naturmangfald og klimatilpassing.
Med god planlegging kan vi seie ja takk til både å bevare myr og til utbygging. Dette gjer ein fyrst og fremst gjennom god utnytting av område som allereie er utbygd.
Det er viktig at kommunen sin arealplan viser kor det er myr og anna karbonrike areal, og at areal til utbygging vert plassert utanom desse områda. Kommunen bør vidare ha strenge krav til karbonbudsjett og kost-nyttevurderingar til søknadar som ikkje er i samsvar med vedtekne arealplanar.
Vil du lese meir om den fantastiske myra? Sjå her.