Meir bruk av tre i offentlege bygg - søk om midlar til kommunen sine prosjekt!

Næringsbygget «HasleTre» i Oslo skal stå ferdig i 2022. Dette trebygget blir demonterbart slik at materiala kan bli brukt om igjen i andre prosjekt i framtida. Eit godt eksempel på eit sirkulært bygg. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Christina Q. Heggertveit

Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Då kan de søke om støtte og få inntil 40 000 kroner som de kan nytte til utgreiing, forprosjekt eller studieturar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2022

Bygg- og anleggssektoren i Noreg slepp ut like mykje Co2 som industri- og petroleumssektoren. Halvparten av utsleppa kjem frå byggemateriala. For å minske utsleppa oppfordrar Tredrivaren kommunane til å bygge i tre, og til å planlegge for sirkulære bygg og gjenbruk av byggematerial.

Tredrivaren er tilsett hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ho arbeider for å styrke verdikjeda til tømmer, og å legge til rette for meir bruk av tre i bygg. Målet er auka kompetanse om tre som byggematerial både for planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og for treindustrien.

Bygg påverkar klimaet
Byggsektoren har stort potensial for å redusere klimagassutsleppa sine. Dette kan bli gjort gjennom gode val av byggematerial, ved gjenbruk av material og med god planlegging av både byggeprosess og drift.

Kommunen si rolle
Kommunane har ei viktig rolle som bestillarar av bygg. Kommunar kan krevje låge klimagassutslepp og fornybare byggematerial ved oppføring, rehabilitering og drift av bygga sine. Då driv dei fram utviklinga i marknaden for klimavennlege løysingar. Slik kjem vi nærare målsettinga om eit lavutsleppsamfunn.

Kven tar utfordringa og nyttar brukte trematerial i sine byggeprosjekt? Tre er ein fornybar ressurs. Det tek opp og lagrar karbon frå atmosfæren gjennom fotosyntesen mens det veks. Eit bygg av tre kan derfor reknast som eit karbonlager. Byggematerial av tre egnar seg godt for gjenbruk. Vi vil gjerne sjå prosjekt i fylket med gjenbruk av trematerial i bygg. Potensialet for å lagre karbon i trebygg er stort. Offentlege byggeigarar realiserer stadig fleire bygg med mål om å redusere klimagassutslepp, og vi får stadig fleire store bygg i tre. Dette er eit viktig bidrag! Kan vi samstundes bruke trematerial om igjen i nye prosjekt, er gevinsten enda større for klima og miljø.

Smarte byggemåtar og nye metodar
Å bygge større bygg av tre og å ha konkrete mål om låge utslepp, er nytt for mange byggherrar, prosjektleiarar, arkitektar, entreprenørar og handverkarar. Å nytte brukt trevirke er enda ein ny måte å senke klimagassutslepp på. Fleire aktørar meiner at det å utvikle ein dialog for læring og kunnskap kan vere avgjerande i møte med alt dette nye.

Søk støtte – få meir kunnskap!
Gjennom Tredrivaren sitt kompetanseprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke om støtte for å få økt kunnskap på dette området.

Statsforvaltaren lyser med dette ut støtte til prosjekt i fylket som i stor grad vil bygge i tre, og gjerne gjenbruk av material. Midlane kan brukast til utgreiing, forprosjekt eller studieturar. Støtta er på inntil 40 000 kroner per prosjekt. Søknadane blir behandla fortløpande.

Merk søknaden med «Tredrivaren sitt kompetanseprogram» og send den til sfmrpost@statsforvalteren.no 

Tredrivaren

Tredrivaren i Møre og Romsdal er med i ei nasjonal satsing for klimavenlege løysingar i offentlege bygg. Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal finansierer Tredrivaren, eit samarbeidsprosjekt med føremål om å styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal legge til rette for auka bruk av tre i bygg, auka kompetanse om bruk av tre som byggematerial for både planleggarar, utbyggjarar og entreprenørar i treindustrien. Det skal også bidra til innovasjon i trebasert industri.

image8jr7r.png

Norskprodusert spilehimling på naturfarget bakgrunn er spesielt produsert for dette bygget. Foto: Statsfrovaltaren i Møre og Romsdal, Christina Q. Heggertveit