KUNNGJERINGAR
Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Utsleppsløyve for ny akvakulturlokalitet ved Skjellingen i Kristiansund
Møre og Romsdal fylkeskommune får etter søknad løyve etter forureiningslova til dyrking av makroalgar ved Skjellingen.
Publisert 21.04.2023
Løyve til utfylling ved Kamsodden i Rauma kommune - Molde og Romsdal Havn IKS
Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i eit område på om lag 1800 m2 ved Kamsodden i Rauma kommune.
Publisert 17.04.2023
Salmar Farming AS får endra løyve til matfiskanlegg ved Svanøya i Smøla kommune
Det gjevast permanent løyve til produksjon av laksefisk på lokalitet 39617 Svanøya tilsvarande 1560 tonn MTB (maksimal tillate biomasse). Det gjevast mellombels løyve til 3120 tonn MTB.
Publisert 14.04.2023
Løyve til tiltak i sjø ved Osholmen i Ålesund
Frydenbø Industri AS får løyve etter forureiningslova til mudring og nedsetting av pålar ved gnr. 120 bnr. 17.
Publisert 04.04.2023
Endra utsleppsløyve til Måsøval AS ved Gaustad i Hustadvika
Måsøval AS har fått endra løyvet etter forureiningslova til utslipp frå produksjon av matfisk av laksefisk ved anlegget i Gaustad i Hustadvika kommune.
Publisert 03.04.2023
Vedtak om endra løyve for Stena Recycling AS i Kristiansund kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vedtar å endre løyvet til Stena Recycling AS sitt anlegg på Vestbase.
Publisert 31.03.2023
Utsleppsløyve til Hauge Aqua Farming AS
Statsforvaltaren har etter søknad gjeve utsleppsløyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure ved lokaliteten Veøy sør.
Publisert 24.03.2023
Vedtak om endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Kristiansund kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 24.03.2023 endra løyvet til Norsk Gjenvinning AS sitt anlegg i Dalegata i Kristiansund kommune.
Publisert 24.03.2023
Utsleppsløyve til Salfjord AS i Aure kommune
Statsforvaltaren har etter søknad gitt utsleppsløyve til landbasert oppdrett av laks ved lokaliteten Tjeldbergodden Øst i Aure kommune.
Publisert 22.03.2023
Vedtak om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Nesset Biogass AS løyve til mottak og handsaming av husdyrgjødsel, ensilert fisk, fiskeslam, glyserol og soapstock (biprodukt frå utvinning av oljer) i Molde kommune.