H I Giørtz Sønner AS - endra utsleppsløyve for utfylling i Sula

Etter søknad frå verksemda har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endra løyvet etter forureiningslova til utfylling ved Sjukeneset.

Publisert 25.01.2024

Det er gjort mindre endringar på løyvet slik at massar frå etableringa av nytt reinseanlegg på Kongshaugstranda kan nyttiggjerast til utfyllinga og det kan nyttast alternative avbøtande tiltak for å redusere spreiing av partiklar i sjøen. Tiltaket skal overvakast både med turbiditetsmålingar og visuelt.

Vedtak med endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.

Kontaktpersoner