Miljødirektoratet har ferdigbehandla klagesaka om løyve til utslepp frå Kongshaugen reinseanlegg, Sula kommune

Miljødirektoratet opprettheld Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sitt vedtak med ein endring. Miljødirektoratet stiller krav om at kartlegginga av naturmangfald i området ved naudoverløpet, skal inkludere ei vurdering av korleis det påverkar naturmangfaldet.

Publisert 27.06.2025

Miljødirektoratet er samd med Statsforvaltaren om kravet til kartlegging av naturmangfaldet i området rundt naudoverløpet ikkje er godt nok dokumentert. Dei stillar i tillegg krav om at det skal gjerast ein vurdering av kva påverknad eit utslepp kan ha på naturmangfaldet. Når det gjeld overvaking av resipienten ser Miljødirektorat det ikkje nødvendig med hyppigare overvaking enn kravet i løyve på kvart tredje år. Dei meiner at overvaking skal vere risikobasert og legg til grunn at kunnskapen om vassførekomsten tilseier at utsleppet vil ha liten negativ påverknad på Storfjorden.

Det er vidare vurdert areal til eventuell utviding. Miljødirektoratet finn at dei krava som er stilt er tilstrekkeleg til å sikre fleksibilitet for framtidige reinsekrav. 

Når det gjeld lukt og pipehøgde meiner Miljødirektoratet at det vesentlege i denne samanhengen er kravet til immisjon, og at pipehøgda må vere tilstrekkeleg høg for å oppfylle kravet som er sett. Kravet om 2 OUE/m3 som Statsforvaltaren har stilt, er i samsvar med Miljødirektoratets rettleiar om regulering av luktutslepp frå punktkjelder i løyve etter forureiningslova.

Sjå lenkjene til høgre på nettsida for klageavgjerda og endra løyve.