Samla sett har kommunane i Rogaland framleis ein god økonomi
Førebelse KOSTRA-tal for 2020 syner at kommunane i Rogaland samla hadde eit netto driftsresultat i 2020 på 3,8 % av brutto driftsinntekter, mot 2,4 % for landet utan Oslo. For Rogaland er dette lågare enn for 2019, men for fleire enkeltkommunar er netto driftsresultat betydeleg høgare enn i fjor. Dei økonomiske nøkkeltala viser at dei fleste kommunane i Rogaland har klart seg greitt økonomisk gjennom koronaåret 2020.
09.04.2021