Bioenergi
Opptak av webinar: Slik kan kommunane i Rogaland stille klimakrav i offentlege innkjøp
Gjekk du glipp av webinaret? Då kan du sjå det i opptak her. Offentlege innkjøp utgjer om lag 16 prosent av totalt klimafotavtrykk i Noreg, og det er klare forventingar til at kommunane og andre offentlege instansar stiller miljø- og klimakrav når dei kjøper inn varer og tenester.
Publisert 01.11.2021
Kurs i solenergi for gardbrukarar
Norges Vel inviterer gardbrukarar som vurderer å investere i solenergi til digitalt kurs. Her får dei vite meir om solenergi-teknologi, dimensjonering av anlegg og relevante faktorar for lønnsemd. Kurset er digitalt og går over to kurskveldar, tysdag 23. november og torsdag 25. november.
Publisert 04.10.2021
Bli med på webinar om klimakrav i offentleg innkjøp
Kommunane kan stille klimasmarte krav i offentlege innkjøp. Mellom anna for mat og måltidstenester, og for bygg, anlegg og eigedom. Korleis? Bli med på webinar 27. oktober.
Publisert 27.08.2021
Klimagassreduksjon i veksthusnæringa
Produksjon av tomat i veksthus i Noreg kan ha eit lågare utslepp av klimagassar enn importert vare. Utslepp av klimagassar kjem hovudsakeleg frå bruk av naturgass til oppvarming og CO2 tilførsel til plantene. Ein ny rapport ser på moglegheitene til å redusera CO2-fotavtrykket i veksthusnæringa.
Publisert 26.08.2021
Gjennomgang av klimakalkulator for landbruket
Klimakalkulatoren gir bøndene oversikt over klimagassutslepp og rom for reduksjon og karbonbinding på eigen gard. Ønskjer du å høyre meir om verktøyet, kan du bli med på Teams-møte med rådgivarar frå TINE og NLR. Dei er i gang med å gi klimaråd til bøndene i Rogaland.
Publisert 16.06.2021
Innfører tilskot til klimarådgiving på gardsbruk
Nå kan bøndene i Rogaland søkje regionalt miljøtilskot til klimarådgiving. Så langt er det Norsk landbruksrådgiving Rogaland og TINE som tilbyr klimaråd der dei ser på korleis bonden kan redusere sitt klimagassavtrykk, og korleis drifta kan tilpassast klimaendringane.
Publisert 02.06.2021
Temamøte om støtteordningar og rammevilkår for biogass 15. juni
Korleis kan ulike støtteordningar bidra til auka biogassproduksjon i Rogaland? Rogaland biogassnettverk inviterer til digitalt temamøte 15. juni kl 12.00–14.00.
Publisert 25.05.2021
Trefjøs i Hå fekk byggeskikkpris
I Matningsdal i Hå er det nyleg bygd nytt trefjøs for sau og storfe med kortreist tømmer. Dette er ein sjeldan byggemetode på Jæren, og det er gledeleg at bygget er heidra med byggskikkpris i Hå for 2021.
Publisert 11.05.2021
Samla informasjon til deg som bonde om klimaklokt landbruk
Statsforvalteren i Vestland har utarbeidet en egen nettside kalt «Bondeboka». Bondeboka gir bonden en oversikt over regelverk, lovverk og ordninger bonden bør kjenne til. Her finner du også en oversikt over klimasmarte løsninger i landbruket.
Publisert 14.04.2021
Temamøte om biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy
Rogaland Biogassnettverk inviterer til digitalt temamøte om biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy – Kva må til? 29. april kl 12 – 14.