Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.


Publisert 30.10.2014

Nei til konsesjon

Fylkesmannen har nekta konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom i Gjesdal kommune fordi det vil vere ei driftsmessig betre løysing at eigedommen blir selt som tilleggsjord til nabobruk i drift. Landbruksdirektoratet tok ikkje klaga til følgje, og stadfesta Fylkesmannen sitt vedtak.


Publisert 21.10.2014

"Land og bruk" nummer 3 - 2014

I dette nummeret finn ein oppdatert oversikt over møte, kurs og samlingar for kommunane, og kort informasjon og påminningar om kva som skjer på landbruksområdet.


Publisert 20.06.2014

"Land og bruk" nummer 2 - 2014

I dette nummeret står det mellom anna om jordbruksoppgjeret 2014, nye retningslinjer for samarbeid og utveksling av informasjon i saker der det er brot på dyrevelferdslova, og klimaskadar på skogen. Last ned Land og bruk nr. 2 - 2014.


Publisert 10.04.2014

Rogaland får meir midlar til landbruksvikarverksemda

Statens landbruksforvaltning har gjort ei omfordeling av årsverk og midlar for 2014. Etter dette har Rogaland fått ein auke på kr 675.000 slik at samla støtte for 2014 utgjer kr 6.619.900 til landbruksvikarverksemda.


Publisert 07.03.2014

"Land og bruk" nummer 1 - 2014

I dette nummeret av Land og bruk står det mellom anna om bruken av BU-midlane i 2013 og bruken av SMIL-midlane i 2013. Det står og om oppdragsbrevet frå Fylkesmannen til Innovasjon Norge Rogaland om føringar for bruken av BU-midlane i 2014. Last ned Land og bruk nr. 1 - 2014.


Publisert 19.12.2013

"Land og bruk" nummer 5 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk er det mellom anna informasjon om ei spørjeundersøking om brannvarslingsanlegg i landbruket, nye gardskart på nettet og status når det gjeld søknadar om erstatning for vinterskade på eng. Last ned Land og bruk nr. 5 - 2013 (PDF-fil).


Publisert 23.09.2013

Avlingssvikt - søknadsfrist 31. oktober

Før det blir søkt om erstatning, må det gis melding om avlingssvikt til kommunen utan ugrunna opphald slik at kommunen kan kontrollera skadeårsaka. Det blir ikkje gitt erstatning til føretak som ikkje har meldt om avlingssvikt. Søknaden skal sendast til kommunen innan 31.oktober.

 


Publisert 19.09.2013

"Land og bruk" nummer 4 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk er det oppdatert oversikt over kurs og møte for kommunane. Her finn du og mellom anna informasjon om Regionalt miljøprogram, ordninga med tilskot til drenering av jordbruksjord og oppfølging av foryngingsplikta etter hogst. Last ned Land og bruk nr. 4-2013.


Publisert 20.06.2013

"Land og bruk" nummer 3 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk er det oppdatert oversikt over ulike kurs og møte for kommunane. Her finn du også mellom anna informasjon om Regionalt miljøprogram og nye vegnormaler for landbruksvegar. Last ned Land og bruk nr. 3-2013.


Publisert 25.04.2013

Fylkesmannen krev tilbakeføring av ulovleg nydyrka areal ved Søylandsvatnet i Hå

Bonden som har dyrka  mykje meir areal enn det som er tillate ved Søylandsvatnet, må no tilbakeføre det som er ulovleg dyrka og fjerne steingarden som er sett opp.