Miljøtiltak i jordbruket


Publisert 11.09.2013

Søk miljøtilskot elektronisk!

Vi oppmodar alle som skal søkje tilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP om å levere søknaden elektronisk.

 

 


Publisert 22.08.2013

Søk om klima- og miljømidlar

15. september og 15. februar er frist for å søkje Statens landbruksforvaltning om prosjektmidlar frå Klima- og miljøprogrammet.


Publisert 21.08.2013

Nytt faghefte "Drenering - teori og praksis"

Fagheftet ”Drenering teori og praksis” skal gje eit grunnlag for å kunne stille dei rette spørsmåla for ein god og praktisk gjennomføring av dreneringstiltak i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal.


Publisert 06.06.2013

Miljøplan i landbruket - historie og innhald

Under jordbruksforhandlingane i 1999 valde landbruket miljøplan framfor å betale miljøavgift på mineralgjødsel.

 


Publisert 28.05.2013

Fagsamling om SMIL-ordninga

12 deltakarar frå landbrukskontora i Rogaland deltok på Fylkesmannen si samling om SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Samlinga vart arrangert på Sørbø Grendahus i Rennesøy kommune 24. april. Vi hadde i tillegg besøk av rådgivar Marit Annie Larsen som har ansvar for SMIL-ordninga hjå Fylkesmannen i Finnmark.

 


Publisert 20.03.2013

Spreiing av husdyrgjødsel våren 2013

Vent med spreiing av husdyrgjødsel til frosten og tela har gått.


Publisert 13.02.2013

Årsmelding frå "Frivillige tiltak i landbruket"

Betre vasskvalitet på Jæren er målet med prosjektet "Frivillige tiltak i landbruket". I årsmeldinga for 2012 kan du lesa om aktivitetar og resultat.


Publisert 06.02.2013

Kurs i bygging av reinseparkar

Torsdag 28. februar er det kurs i bygging av reinseparkar. Målgruppa er entrepenørar som står for bygging av parkane, og kommunen som vurderer og godkjenner prosjekt.


Publisert 04.02.2013

Miljøavtalar for betre vasskvalitet

Mindre næringsavrenning og optimal bruk av gjødsel er målet når bønder kring fem utvalde vassdrag no blir tilbydd å teikne ”miljøavtale”.


Publisert 24.05.2012

Kva fosforstatus er det i jordbruksjorda?

Ved enkle grep kan forvaltninga no få betre oversikt over kva fosforinnhald det er i jordbruksjorda. Det er verdifullt med tanke på reinare vassdrag.