Bonden treng heilskapleg rådgiving
Prosjektet «Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon» er avslutta og resultata viser at det er viktig med ein sterkare kopling mellom produksjonsfag og økonomi.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det tre-årige prosjektet har vore leia av Norsk landbruksrådgiving Rogaland og Klepp rekneskapslag frå Landbruksparken på Særheim. Dei ville testa ut om hypotesen deira stemde:
god agronomi = god økonomi = god næringsbalanse
Dei gjennomførte ei samordna og systematisk rådgiving på 11 mjølkeproduksjonsbruk og tok utgangspunkt i både økonomiske, agronomiske og miljømessige problemstillingar.
Næringsstoffbalanse handlar om kor store mengder nitrogen og fosfor som blir tilført via husdyrgjødsel og anna gjødsel, og kor mykje som blir teke ut gjennom produksjon av gras, korn, grønsaker osv. Eitt av analyseverktøya for berekning av næringsstoffbalanse som er brukt, er «Kretsløpstolken» som er utvikla i Nederland. Prosjektet har vist at det er behov for eit verktøy som er tilpassa norske forhold. Det er no starta opp eit arbeid på nasjonalt plan for å løyse dette og to av rådgivarane frå Landbruksparken er med i dette arbeidet. Spesielt i Rogaland vil det vere viktig å kopla klima og miljø, påpeikast det i rapporten.
Fokuset på økonomi har hatt ein stor plass i prosjektet, og det har vore ein positiv utvikling i resultatet hos dei fleste deltakarane. Prosjektleiarane er ikkje i tvil om at fokuset på økonomi kombinert med fagleg oppfølging har bidrege til å løfte resultatet for gruppa i den aktuelle perioden. Kor mykje som skuldast effektar av prosjektet, og kor mykje som skuldast andre forhold er alltid vanskeleg å svara eksakt på. Det er to gardar som har lågare resultat i 2016 enn dei hadde i 2014, og ni gardar som har betra resultatet. Som gruppe har dei aktuelle bruka løfta resultatet – målt som driftsoverskot i næring med tillegg for utteke arbeidsvederlag frå samdrift – med totalt kr. 1 700 000. Dette utgjer kr. 155 000 i snitt pr. bruk.
Vil du vite meir om prosjektet, så finn du det her.
Prosjektet er finansiert av midlar frå Handlingsplan Næring, det vil seie av Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland Fylkeskommune.