Mange ville lære om trefjøs
Meir enn 50 bønder og andre interesserte var med på seminar om trefjøs i Sandnes 1. mars. Her fekk ulike produsentar vise fram sine løysingar for landbruksbygg i tre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
- Bygging i tre gir rom for meir eigeninnsats for bonden i byggeprosessen, sa Joacim Laurendz, bygningsrådgivar i Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland. Han peika på både fordeler og ulemper ved bruk av tre som materiale. - Suksesskriterie for at trefjøs blir konkurransedyktige kan vere at ein leverandør har ansvaret for heile overbygget, og at bygginga kan skje effektivt, for eksempel i form av elementer, påpeika han.
Svein-Åge Vangdal, bygningsplanleggar i TINE, supplerte med å vise ulike løysingar for trefjøs, avhengig av bonden sine krav om byggetid, bruk av eigeninnsats, og kostnadar. - Massivtre, slepplaft, ferdigelement med trekledning, og tradisjonell bygging er alle nytta for bygging av fjøs i vår del av landet dei siste åra, fortalte han.
Mange ulike løysingar
Stein Narve Veshovda, nytenkande gardbrukar frå Eigersund, viste bilde og fortalte om sitt ammekufjøs under tittelen "Mitt drøymefjøs". Fjøset er rimeleg, med golv av talle og fôringsplass utanfor fjøset. Veshovda sitt fjøs har bidratt til utviklinga av byggekonseptet som kallast for Narvebygget, som nyleg er lansert som eit universalbygg for dei fleste landbruksproduksjonar.
Vidare presenterte Rogalandsbedriftene Riska Sagbruk og Jæren Treteknikk (Jatak) sine system for høvesvis slepplaft og takstolar. Møre-bedriftene Talgø, Kvatro og Solem Sag presenterte også løysingar for bygging av trefjøs med ferdige element av massivtre eller laft.
Frå besøket i sauefjøset til Mikal Nordbø (Foto: Elisabeth Schmidt)
Besøk i sauefjøset
Etter presentasjonane gjekk turen til det nye trefjøset hos sauebonde og sagbrukar Mikal Nordbø ved Riska Sagbruk. Han fortalte om korleis "byggesettet" med laftestokkar har gitt rom for mykje eigeninnsats under bygginga. Han viste og til korleis bygging i tre gir heilt eigne kvalitetar med tanke på lys, lyd, naturleg regulering av fuktbalansen o.a. i bygget.
Seminaret var arrangert av Rogaland Skognæringsforum, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgivning, TINE, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland. Se fleire bilde frå på programsida til arrangementet.
Dei ulike presentasjonane frå seminaret finn du i høgre marg.
Les meir om satsinga på bruk av tre i nye landbruksbygg i Rogaland her.