Publisert 08.04.2019
1 gaupe er felt i Rogaland under jakta
Det vart 29. mars felt 1 gaupe i Dalen ovanfor Jørpeland i Strand kommune. I rovviltregion 1 som Rogaland er del av, var det kvotefri jakt på gaupe i perioden 1. februar til 31. mars 2019. Jaktperioden for gaupe er altså no over.
Publisert 19.03.2019
Regjeringa har endra på lisensperioden for ulv utanfor ulvesona
Lisensperioden er opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad.
Publisert 01.02.2019
Snart frist for å søka om førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak
Privatpersonar, organisasjonar og kommunar kan søke om midlar til førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak. Fristen er 15. februar for rovviltregion 1 Rogaland, Agder og Vestland.
Publisert 18.12.2018
Erstatning i 2018 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland
I beitesesongen 2018 var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 25 904,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2018.
Publisert 18.12.2018
Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2019
Rovviltnemnda har i møte 14.12.2018 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2019.
Publisert 07.09.2018
Lisensjakt på jerv og ulv 2018 – 2019
Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.
Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.
Publisert 12.02.2018
Erstatning i 2017 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland
Skadesituasjonen i 2017 var ganske lik som i fjor. Begge desse beitesesongane vart prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr 535 832,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2017.
Publisert 18.08.2017
Løyve til skadefelling av ein jerv i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand
Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad frå Rogaland Sau og Geit, gitt løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand. Løyvet gjeld i tida frå 17. august 2017 til og med 31. august 2017. Jakta vert utført av skadefellingslaget i Rogaland.
Publisert 19.12.2016
Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland i 2016
Beitesesongen i Rogaland vart i 2016 prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 573 995,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2016.
Publisert 17.10.2016
Snart frist for å søka om erstatning for rovdyrskadar
Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.