Resultat frå forskingsprosjektet Lærande regionar
Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane gjer det så bra samanlikna med blant anna elevar i Aust-Agder?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Praksisretta utdanningsforsking
Kva er grunnane til det som blir kalla Sogn og Fjordane-paradokset? Etter 2006 har Sogn og Fjordane, saman med Oslo og Akershus, prestert på topp i nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk sjølv om inntekts- og utdanningsnivået i fylket er lågare enn det nasjonale gjennomsnittet. Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane likevel gjer det så bra? Dette er det spørsmålet 12 forskargrupper i Lærande Regionar har forska på. I prosjektet har forskarane samanlikna fire fylke: Aust-Agder, Oppland, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Lærande Regionar er eit PRAKUT- prosjekt som har vore støtta av Norges forskningsråd.
Resultata vart lagt fram på sluttkonferansen den 12.-13. mars 2015 på Grand Hotel i Oslo. Presentasjonane til forskarane finn du i høgremargen.
I mai 2015 kjem antologien "Skolens kvalitet bestemmes lokalt" (Fagbokforlaget). Gjert Langfeldt, som sette i gang prosjektet,er vitenkapeleg redaktør og koordinator for antologien. Prosjektet er sidan september 2013 leia av professor Gøran Søderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Dokumenter
- EitLærandeUtdanningssystem - Ø Glosvik
- FinstDetNynorskeTospråksfordelar - Ø Vangsnes G Søderlund
- Hva kan en lære av Lærende Regioner -Gjert Langfeldt
- KLARAS - T AasebøI J Midtsundstad I Willberg
- Lærande regionar frå eit europeisk perspektiv - Stefan Hopman
- Lærande Regioner - Gøran Søderlund
- Læraren som bygdehøvding G Yttri
- Lærarkompetanse og skuleresultat - A Norstein T Myklebust
- Læringsmiljøets betydning -T Nordahl H Knudsmoen
- Mestringsforventningar - rektorT Helland
- Mestringsforventninger i matematikk - K Sørlie I Syse G Søderlund
- Nasjonal utdanningspolitikk - Petter Skarheim
- Praksis på skoler med gode resultater - K Lyngsnes O P Vestheim
- Skoleekstern kultur og skoleres - K Horrigmo
- Skolen som forandringssinstitusjon foreldrenes rolle - H Hernes
- Skolen som regionalt prosjekt - J P Knudsen
- Styringssystemer og elevprestasjoner L B H Friestad
- The Genius Loci Stefan Hopman