Arealbehov ved innkjøp av dyr etter teljedato i PT
Kommunen kan overstyra arealavgrensinga i grovfôr.
Sist endret 23.02.2024
Regelverk:
- kommentarrundskrivet, punktet Skjønnsmessig fastsettelse av tilskuddsberettiget grovfôrareal
- Jordbruksavtale 2024–2025 punkt 7.7.3 (tabell s. 32). Lenke til gjeldande jordbruksavtale finn du her: Jordbruksoppgjøret (Regjeringen).
Kommunen fastset skjønnsmessig det faktiske arealbehovet. Areal som kjem i tillegg til ordinær utrekning, skriv kommunen inn i kode 540 og 541 (nedst under Areal – vekster i eStil PT). Hugs å kommentera og grunngje.
Ein måte å rekna på:
- Kor stor del av fôringsåret skal søkjaren ha dyra? Reduser dyretalet ut frå dette. (Juster eventuelt fôrbehovet skjønnsmessig ut frå alderen/storleiken på dyra i tillegg.)
- Gang dyretalet med arealtalet frå tabell 7.12 i jordbruksavtalen, Faktorer for maksimalavgrensning av grovfôrareal, daa per dyr (og eventuelt tabell 7.11 for innmarksbeiteareal).
Døme:
10 andre storfe innkjøpt 1. november treng fôr fram til beiteslepp 1. mai, dvs. 6 månader.
6,90 dekar per andre storfe i sone 5, i følge tabellen.
Utrekning:
10 dyr * 6/12 av fôringsåret = 5 dyr
5 * 6,90 dekar = 34,5 dekar