Gjødselbruksforskrifta – avklaringar
Etter at ny gjødselbruksforskrift kom går det føre seg eit kontinuerleg arbeid med avklaringar og utarbeiding av rettleiingstekst i Landbruksdirektoratet. Rundskriv skal etter planen koma før sommaren. Nye fagsystem skal på plass i laupet av to år.
Under kan du lesa informasjon frå Statsforvaltaren i Agder til kommunane om avklaringar frå Landbruksdirektoratet. Artikkelen vil bli oppdatert etter kvart som ny informasjon kjem. Me tek atterhald om feil. Mykje skjer innan dette området for tida, og det kan fort oppstå misforståingar og koma fram tilfelle som ikkje er tenkt på.
Fleirårige gjødslingsplanar
Ut 2025 gjeld framleis forskrift om gjødslingsplanlegging. Frå 2026 gjeld nytt regelverk (§ 26 i den nye gjødslbrukforskrifta), og LMD kjem til å oppheva den gamle forskrifta. Ldir forventar då at LMD også kjem til å oppheva vedtaka om fleirårige gjødslingsplanar som er gjort etter den gamle forskrifta samla. Dei praktiske detaljane er ikkje klare.
Det kjem rettleiing om kva gjødslingsplanar som kan gjenbrukast i fleire år. Retningslinjene skal gjelda frå 2026. Bonden må då sjølv vurdera om drifta er innanfor kriteriane. Kommunen skal frå 2026 altså ikkje lenger gjera vedtak om godkjenning av fleirårige gjødslingsplanar.
Om kommunen i 2025 får inn nye gjødslingsplanar som er søkt godkjent for fleire år, bør de informera søkjar om at det kjem endringar i regelverket. Bonden treng altså ikkje å søkja om planen kan gjelda i 2026 og seinare. Formelt sett kan kommunen framleis godkjenna ein fleirårig gjødslingsplan i 2025, men me må rekna med at vedtaket blir oppheva frå 2026. Med andre ord vil slike vedtak i 2025 berre ha reel betydning om søknaden går på om ein plan frå 2024 framleis kan gjelda i 2025.
Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal
Nytt fagsystem for desse søknadene vil koma seinare. No behandlar kommunen søknadene i saks- og arkivsystemet sitt som før, men heimelen er ny: § 17 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. Pass på å ha oversyn over areal og godkjenningsvedtak med tanke på at det skal inn i offentleg register med kart seinare. Sjå også tidslinja for overgangsreglar vedlagt.
Kalking
Kalk blir rekna som gjødselvare. Kalking har låg risiko for skadeverknader. Det kan tenkjast sjeldne tilfelle, t.d. ved truga surjordsartar, der kalking kan vera problematisk.
Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal: § 17 gjeld også kalk. Kommunen kan etter søknad godkjenna innmarksbeite som spreieareal. Innmarksbeite som har vore kalka før kan framleis kalkast utan søknad til og med 2027. Deretter må arealet godkjennast for kalking, slik som for spreiing av mineralgjødsel. Kalking på innmarksbeite som ikkje har vore kalka før må omsøkjast allereie i år.
Utmark som skal opparbeidast til innmarksbeite: § 32 gjeld også kalk. Kommunen kan etter søknad gi ein tidsavgrensa dispensasjon.
Lagerkapasitet for husdyrgjødsel
Frem til utgangen av 2028 kan virksomheter som per 01.02.2025 ikke hadde tilstrekkelig lagerkapasitet til å overholde kravene til spredetidspunkt, spre gjødselvarer uten nedmolding på eng frem til og med 15. september, og med nedmolding frem til og med 1. november.
Dersom foretak hadde for liten lagerkapasitet per 01.02.2025 må de sørge for å ha på plass nok lagerkapasitet innen 2028, enten ved å utvide gjødsellageret sitt eller ved å for eksempel redusere foretakets dyretall. Unntaket som er gitt i § 36, 2. ledd er i utgangspunktet gitt for å gi foretakene forlenget overgangstid slik at de kan ha nok tid på seg til å utvide lagerkapasitet. Dette må kommunene bidra med å kommunisere ut til aktuelle foretak.
Vi har bedt Landbruksdirektoratet om avklaringer når det gjelder lagerkapasitet, og Landbruksdirektoratet konstaterer at det er foretakene selv som må vurdere om de faller inn under bestemmelsen om ekstra overgangstid ved for liten lagerkapasitet. Det vil si at de aktuelle foretakene ikke trenger å søke Statsforvalteren om dispensasjon dersom de mener de ikke hadde tilstrekkelig lagerkapasitet til å overholde spredefristene ved forskriftens ikrafttredelse. Landbruksdirektoratet poengterer at foretakene i så fall må kunne dokumentere for liten lagerkapasitet. Videre gjør de oppmerksom på at kommunene må føre tilsyn med bestemmelsen på lik linje med andre bestemmelser i forskriften. Kommunen kan vurdere reaksjoner mot foretaket dersom kommunen mener at et foretak som har vurdert at de ikke hadde nok lagerkapasitet per 01.02.2025, likevel har nok lagerkapasitet. En henstilling til å søke dispensasjon vil jo også være et alternativ.