Vern av åtte nye skogområde i Agder

Dalehagen naturreservat til venstre og Tarvatnet naturreservat til høgre. Foto: Ellen S. Paust/Statsforvalteren i Agder.

Kongen i Statsråd vedtok 23. juni 2026 vern av sju nye naturreservat og utviding av eit eksisterande naturreservat i Agder. Alle åtte verneområda har kome til gjennom ordninga med frivillig vern av skog. 

Publisert 29.06.2026

I alt vert om lag  3601 dekar skog i kommunane Lindesnes, Flekkefjord, Grimstad, Vegårshei, Hægebostad, Froland og Åseral verna. Områda vil sikre viktige leveområde for ei rekkje truga og nær truga arter og bidra til å oppnå nasjonale- og internasjonale mål for naturmangfald. Gjennom vernet blir naturen og artane som finst der bevart for framtida og komande generasjonar.

Naturreservat med rike edellauvskogar 

Skogtypane ein finn i dei nye verneområda er knytt til dei truga naturtypane frisk rik edellauvskog og lågurtedellauvskog i Vormvik naturreservat, og frisk rik edellauvskog og høgstaude-edellauvskog i Strendan naturreservat. I Joknåsen naturreservat er verneverdiane hovudsakleg knytt til lågurtedellauvskog, men naturreservatet inneheld også gamal eike- og furublandingsskog. Tarvatnet naturreservat ivaretek frisk rik edellauvskog, og inneheld rik edellauvskog på høg bonitet med innslag av hole lindetre samt spreidde store osp og eiketre. Dette naturreservatet har klare nemorale vegetasjonstrekk med stadvis mykje kristtorn, og har også særskild tyding knytt til rike mosesamfunn. Dalehagen naturreservat har ulike slag rik edellauvskog, som til dømes  lågurt-eikeskog og rasmark-lindeskog. Naturreservatet er særs kalkrikt, noko som også gjev utslag i ein spesielt rik blomsterflora. I Nutknuten naturreservat er verneverdiane hovudsakleg knytt til frisk rik edellauvskog og små innslag av lågurtfuruskog. Tjaldal naturreservat ivaretek rik edellauvskog med alm-lindeskog, lågurtedellauvskog og ravine alm-lindeskog.

Utvidinga av Oksåsen naturreservat inneheld alm-lindeskog, lågurt-eikeskog, samt velutvikla furuskog med gamalskogsstruktur og innslag av uvanleg storvakse eik og osp. Naturreservatet har også førekomstar av svært gamle styvingstre, og gamle hole tre.  

Konsekvensar av vernevedtaket

Vernevedtaket inneber at det blir lagt restriksjonar på bruken av områda. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Det vil seie at oppføring av nye bygningar, skogsdrift, vedhogst, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel med meir ikkje lenger vil vere tillate. Nokre tiltak vil derimot kunne tillatast etter godkjent søknad.

Ein vil likevel kunne merke og rydde eksisterande stigar og vedlikehalde bygningar som finst innanfor naturreservata. Vanlege friluftslivsaktivitetar kan også finne stad som tidlegare. Verneforskriftene gjev ingen avgrensingar på vanleg ferdsel, jakt (stor- og småvilt), fiske, eller plukking av bær og sopp.

Frivillig skogvern

Alle dei åtte naturreservata inngår i arbeidet med frivillig vern av skog på privat grunn. Grunneigarane har sjølv tilbudd sine eigedommar for vern, mot at staten utbetalar erstatning. Interessen for frivillig skogvern i Agder har auka dei siste åra og det føregår vernearbeid for eit stort tal område. 

Meir informasjon om vernevedtaket finn du på Klima- og miljødepartementet si nettside: I dag får Noreg 35 nye område med verna skog - regjeringen.no