Gratulerer med kvinnedagen!

Gratulerer med dagen, alle jenter og kvinner! 8. mars er ein dag for både feiring og ettertanke. Vi feirar at Noreg har kome langt i likestillingsarbeidet, og at vi er eit føregangsland for andre. Det skal vi halde fram med å vere. Eit land som tek vare på rettane til jenter og kvinner, er viktig for alle.

Publisert 08.03.2026

Samtidig minner dagen oss om at likestilling ikkje er noko vi kan ta for gitt – verken globalt eller her i Agder. Vi ser at kvinners rettar blir utfordra i ei rekkje land. Det betyr at stemmene våre må styrkjast for å verne om desse rettane. Eg vil derfor takke alle som kvar dag bidreg til å byggje eit tryggare, meir inkluderande og meir rettferdig samfunn for jenter og kvinner.

– I tida vi lever i, er det viktigare enn kanskje nokon gong å seia som Hillary Clinton at kvinners rettar er menneskerettar, og menneskerettar er òg kvinnerettar, seier statsforvalter Gina Lund. 

Agder er eit fylke der det blir jobba aktivt med likestilling, nettopp fordi vi har utfordringar knytte til kvinners arbeidsdeltaking, høg grad av deltid og forskjellar i lønnsinntekt. Også hos oss opplever jenter og kvinner vald og overgrep. Agder skal vere ein trygg og god stad å bu og utvikle seg for alle. Likestilling er derfor ein viktig del av oppdraget til Statsforvaltaren – gjennom rettstryggleik, tilgang til tenester og som pådrivar for eit trygt og inkluderande samfunn. Kvinnedagen minner oss om at dette arbeidet krev kontinuerleg innsats, og at alle vi i Agder må bidra kvar dag.

Takk for innsatsen – og gratulerer med kvinnedagen!