Tilskot til lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet
Kommunar i Agder, Vestfold og Telemark kan no søkje om tilskot til å styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg, og deira pårørande. Søknadsfrist er 1. mars 2025.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskotet skal bidra til kompetansebygging i kommunane og styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg, og bidra til å ta vare på behova til dei pårørande.
Forvaltninga av tilskotet er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesenterane for lindrande behandling og Statsforvaltaren.
Praktisk informasjon
- Søknads- og rapporteringsfrist er 1. mars 2025
- Kommunar i Agder, Vestfold eller Telemark som skal søkje, sender søknaden som eit vedlegg til ein e-post som sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no (utan kopi til sakshandsamar)
- Rapporteringsskjema for tilskot delt ut i 2024 sendast til same e-postadresse som over
- Søknads- og rapporteringsskjema er å finne i boksen "Dokument" på denne sida
- Du finn regelverk og meir informasjon om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.
- Vi har som mål å sakshandsame søknadene innan 30.04.2025. Etter dette kan søkjarar vente eit svar i løpet av 1-2 veker (før 17. mai)
Søkjarar som har behov for faglege råd og rettleiing kan kontakte
- Kompetansesenter for lindrende behandling i Helse Sør-Øst, (KLB) Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling, kslb@ous-hf.no. Telefon: 23026684
Tilskotskonferanse
Vi arrangerer ein digital tilskotskonferanse 5. februar, der vi vil gi meir informasjon om dei ulike tilskota vi forvaltar på helse- og omsorgsfeltet. Tilskuddskonferansen 2025 | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Kontaktpersoner
-
Anna Gjertsen
Tlf: 33 37 12 17 -
Janne Wikheim Aas
Tlf: 33 37 10 23