Eksamen
Statsforvaltaren har som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale systemet som gjeld eksamen.
Oppgåvene går ut på sensur for skriftleg eksamen i grunnskulen og grunnskuleopplæring for vaksne, og eksamen og klagebehandling for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring.
Skriftleg eksamen
- oppnemning og skulering av sensorar
- fordeling av sensorane i eksamenssystemet
- innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
- organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
- medverke til å utarbeide karakterstatistikk
- økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga
- rettleie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS
Munnleg eksamen
Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skuleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.
Klage på eksamen
Skriftleg eksamen
Statsforvaltaren i Vestland er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skular og skuleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.
Munnleg eksamen
Statsforvaltaren er klageinstans for klager i alle fag frå skular i Vestland.
Vidaregåande opplæring
Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular, mellom anna språkfaga engelsk, tysk, fransk og spansk. I tillegg også samfunnsfagkodar og realfagskodar.
Sjå elles meir informasjon om eksamen på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Dato for fellessensur våren 2021
Dato for fellessensur for sentralt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er sett til torsdag 17. juni og fredag 18. juni.
Publisert 16.03.2021
Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring
Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.
Publisert 10.03.2021
Munnleg og munnleg-praktisk eksamen
Det nærmar seg eksamenstid og vi gjer merksam på føresegnene som gjeld for grunnskulen og vidaregåande opplæring.
Publisert 18.02.2021
Skriftleg eksamen er avlyst
Skulane må likevel melde på elevane til skriftleg eksamen innan 1. mars.
Publisert 22.04.2020
Privatisteksamen blir gjennomført
Regjeringa avgjorde 21. april 2020 at sentralt gitt eksamen for privatistar vil bli gjennomført.
Publisert 26.03.2020
Alle eksamenar er avlyst
25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.
Publisert 28.01.2020
Oppmannsrapportar skriftleg eksamen i grunnskulen 2019
Rapportane kan vere nyttige i arbeidet med å førebu elevar og faglærarar framfor årets eksamen i mai.
Publisert 28.01.2020
Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring
Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.
Kontaktpersoner
Aktuelt
Datoar for fellessensur 2025
Grunnskulen
- Måndag 16. juni – norsk, engelsk og matematikk.
Vidaregåande skule
- Fellessensur etter hausteksamen 3. januar 2025.
- Tysdag 17. juni – norsk hovudmål og sidemål, spansk og fransk.
- Onsdag 18. juni – engelsk, tysk, marknadsføring og leiing 2, reiseliv og språk, rettslære 2 og samfunnsøkonomi.
Dato for sensorskulering våren 2025
Grunnskulen
- 2. juni – norsk, engelsk og matematikk.
Vidaregåande skule
Dato kjem seinare.
Kontakt oss om eksamen: