Miljø og klima

Oppdatert 15.11.2024

Miljøvern er et omfattende fagfelt som dekker alt fra arealforvaltning og forebygging av forurensning til kartlegging av naturmangfold, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorer har et ansvar for å ta hensyn til miljøet i sin egen virksomhet. Statsforvalteren skal bidra til at regjeringens miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunene har en sentral rolle i miljøvernarbeidet. Veiledning og oppfølging av kommunene er derfor en viktig oppgave for oss. 

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

14.01.2026

Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå E16 Lærdalstunnelen

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå E16 Lærdalstunnelen i driftsfasen, med utslepp i kommmunane Aurland og Lærdal. 


14.01.2026

Søknad om løyve til anleggsarbeid med utslepp til sjø - Bue Salmon - landbasert matfiskanlegg - Lutelandet i Fjaler

Bue Salmon søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid. Formålet er å etablere eit landbasert matfiskanlegg på Lutelandet industriområde i Fjaler kommune. 


13.01.2026

Vi tilrår Ospehogen naturreservat i Stad kommune

I samarbeid med grunneigarane kan vi tilrå vern av 576 dekar med verdifull natur på Ospehogen som nytt naturreservat i Stad. Området ligg vest for Hundvika i Nordfjord og husar raudlista artar og naturtypar. 


08.01.2026

Høyring av søknad om anleggsarbeid i sjø - dumping av elvemassar i Årdalsfjorden

Norconsult søkjer på vegne av Østfold Energi AS om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for dumping av elvemassar frå Nysetelvi i sjøbotnsdeponi i Årdalsfjorden. Formålet med dumpinga er at Østfold Energi har behov for å rydde opp og fjerne eroderte elvemassar. 

 


19.12.2025

Vi startar verneprosess for Årøy naturreservat i Sogndal

I samråd med grunneigarar melder vi oppstart av verneprosess for Årøy naturreservat i Sogndal kommune. Området inneheld edellauvskog, strandenger og delta med raudlista natur. Velkomen til å sende innspel innan 13. februar 2026. 


16.12.2025

Oversending av høyringsdokument for marint vern av Sognefjorden til Miljødirektoratet

Statsforvaltaren har med dette sendt sitt forslag til høyring av Sognefjorden marine verneområde til Miljødirektoratet for vurdering og godkjenning. Når Miljødirektoratet har gitt grønt lys vil Statsforvaltaren leggje vernet ut på offentleg høyring.


15.12.2025

Høyring av frivillig skogvern på Katlenova i Hyllestad

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Katlenova naturreservat i Hyllestad kommune. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 1. mars 2026.


12.12.2025

I statsråd i dag vart Kvitingsmorki naturreservat i Årdal utvida

Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 32 skogvernområde, der eit er i Årdal kommune. Kvitingsmorki naturreservat har fått ny verneforskrift og dekkar eit større areal. Vernet bidreg til å sikre viktig natur for framtida.


11.12.2025

Vi startar opp overvaking av ytre delar av kysten vår

No startar vi opp nytt overvakingsprogram som skal gå dei neste tre åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden langs dei ytre delane av Vestlandskysten og dei fjordane som ikkje har vore dekt av tidlegare program. 


11.12.2025

Høyring av søknad om anleggsarbeid i sjø - etablering badestrand i Etne kommune

Etne båtlag søkjer om løyve til anleggsarbeid i sjø. Båtlaget vil "friske opp" badestranda med å fjerne eit ca. 30 cm sjikt med "evje" (blaute massar) og så leggje på skjellsand.  


Flere nyheter Få nyhetsvarsel