Fristar for miljøovervaking i akvakulturanlegg og koronavirus
Oppdrettsselskap må melde frå til Fylkesmannen, dersom miljøgranskingar planlagde før 1. juni 2020 vert utsett.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Myndigheitene har innført strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Fylkesmannen ser at akvakulturanlegga i fylket på grunn av dette kan få utfordringar med å få utført planlagde miljøgranskingar av typen C-undersøking etter Norsk Standard NS 9410:2016 framover.
Standarden sine punkt 8.4. og 8.7. har fristar for når i produksjonen slike undersøkingar skal gjerast. Oppdrettsselskap som har planlagt å gjere C-undersøkingar før 1. juni 2020, og som på grunn av smitterestriksjonane ikkje får gjort desse på rett tidspunkt, må melde frå om dette til Fylkesmannen. Send meldinga til fmvlpost@fylkesmannen.no.
C-undersøkingane som vert utsett skal gjerast så raskt det vert mogleg att, og deretter følgje dei normale frekvensane i standarden.
Fiskeridirektoratet har lagt ut ei tilsvarande melding som gjeld B-undersøkingane