Kunngjering – løyve til landbasert akvakulturanlegg i Solund
Losna Seafood AS har den 7. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Djupvika på Losna i Solund.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.05.2020
Brev med vurdering av saka og løyve ligg til høgre på sida her. Løyvet etter forureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av fylkeskommunen.
Rett til å klage
Partane som er involverte i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om
vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet.
Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.