Få kommunar har mål for arbeidet med forsøpling
Vi har ført tilsyn med kommunar i Vestland på temaet forsøpling. Svært få av dei kontrollerte kommunane har mål for arbeidet med forsøpling, og ingen har vurdert risikoen for brot på pliktene som gjeld forsøpling og avfall.
I 2024 vart det gjennomført ein landsomfattende tilsynsaksjon av kommunen som forvaltar av forsøplingsregelverket. I Vestland fylke kontrollerte vi 10 kommunar ved at dei svarte på spørsmål om korleis den einskilde kommunen følger opp saker knytt til forsøpling. Resultata frå tilsyna kan de lese i tilsynsrapportane som ligg til høgre på denne sida.
Ingen har gjennomført risikovurderingar som gjeld forsøpling
Eit av spørsmåla som vart stilt til kommunane var: har de gjennomført risikovurderingar som omfattar moglegheit for brot på pliktene for kommunen som gjeld forsøpling og avfall?
Det er 147 kommunar i heile landet som er vortne kontrollerte i denne nasjonalt koordinerte tilsynsaksjonen. Gjennomgåande har ingen av kommunane gjennomført risikovurderingar som omfattar moglegheit for brot på pliktene for kommunen som gjeld forsøpling og avfall.
Ressursutfordringar og tidkrevande saker
I sine tilbakemeldingar frå kommunane kjem det fram at svært mange seier dei manglar ressursar, eller har kapasitetsproblem, og fleire manglar kompetanse. Mange melder også om at temaet ikkje er prioritert.
Få brukar verktøykassen med verkemiddel
Det ser ut til å vere uvanleg at kommunane nyttar pålegg om opplysningar, undersøkingar eller pålegg etter forureiningslova § 35. Tvangsmulkt er også eit lite brukt verkemiddel. Dei få som har meldt saker til politiet, har fått sakene lagt vekk.
Mange kommunar svarar at dei blir bedne om å følge opp saker, men at dei sjeldan eller aldri får spesifikke krav om å gje pålegg, og derfor blir § 37 i forureiningslova ikkje aktuell.
Ulike former for forsøpling
Dette er døme på former for forsøpling kommunane finn:
- overfylte søppeldunkar
- oppsamling av ting på private eigedommar (der eigaren meiner det ikkje er avfall)
- plast ved sjøen
- landbruksplast
- bilar/køyretøy
- villfyllingar
- piggtråd
- avfall som er tenkt påtent/bålplassar
- dumpa massar frå graveprosjekt
- kvitevarer
- objekt i sjøen
- parkeringsplassar der avfall blir kasta ut frå bilar
Ønskjer nettverk og meir rettleiing
Kommunane gir tilbakemelding om at dei ønskjer betre rettleiing i korleis ein går fram i kompliserte saker. Dei har behov for meir nettverk kommunane i mellom, og ønskjer meir opplæring, rettleiing og dialog med Statsforvaltaren.
Vidare oppfølging
Vi forventar at kommunane retter opp avvika, og tek merknadane til etterretning. Vi gir ikkje pålegg om retting etter kommunelova § 30-4.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunane si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Gloppen kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Bergen kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Fedje kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Kvam kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Modalen kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Osterøy kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Samnanger kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Sogndal kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Ullensvang kommune
- Oppfølging av statleg tilsyn med kommunen si myndigheit etter forureiningslova - forsøpling - Årdal kommune