Låge fangstar av laks og sjøaure
Det var låge fangstar av både laks og sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Lite sjøaure
Det vart til saman fanga 1 807 sjøaurar (3,3 tonn) i elvefisket i Sogn og Fjordane i 2018, og av desse vart 884 individ (1,4 tonn) avliva (figur 1). Halvparten (51 %) vart sett ut att i elva i 2018. Samla fangst målt i vekt er på nivå med dei siste åra, men prosent utsett fisk er det høgast registrerte. Fangst i dei enkelte elvane er vist i dokumentet «Fangst av sjøaure i elvane i 2018».
Låge laksefangstar i elv
Det vart fiska til saman 4 048 laks (18,6 tonn) i elvane i Sogn og Fjordane i 2018 (figur 2 og 3). Dette er ein nedgang på 12,9 tonn frå året før då det vart fanga 31,5 tonn fordelt på 5 784 individ. Eidselva hadde størst samla fangst av laks i 2018, men mengda var redusert frå 2,9 tonn i 2017 til 2,1 tonn i 2017. Lærdalselvi hadde ein reduksjon på om lag 3 tonn trå 2017. Oversikt over fangst i dei enkelte elvane er vist i dokumentet «Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i 2018».
I 2018 vart det fanga om lag like mange laks som i 2008 og 2009, men det var færre smålaks (figur 3). Tal smålaks var på nivå med året før, og sidan 1993 er det berre i 2007 det vart fanga færre smålaks. I 2018 vart 18 prosent smålaks, 33 prosent mellomlaks og 52 prosent storlaks sett ut att.
Lågt lakseinnsig
Medrekna sjølaksefisket vart det til saman avliva 18,8 tonn laks i Sogn og Fjordane i 2018 (figur 4), fordelt på 7,5 tonn i sjøen og 11,3 i elvane. I tillegg vart det fanga 7,2 tonn laks i elvefisket som vart gjenutsett. Samla fangst, inkludert gjenutsett laks, var dermed 26 tonn i 2018. Dette er om lag 10 tonn mindre enn i 2017, og det lågaste sidan 2010. Fangsten i sjøen utgjorde 40 % av all avliva fisk, og dette er på nivå med 2008 og 2009. Fangstane viser at innsiget av laks er lågt samanlikna med innsiget på 80-talet. Sjå http://www.ssb.no/sjofiske/ for meir informasjon om sjølaksefisket og lakseregisteret for historiske fangstar i kvar enkelt elv.