Meld inn sjøfangst av laksefisk

Miljødirektoratet har lansert ei nettbasert løysing for rapportering av fangst av laks, sjøaure og sjørøye tatt med stong eller handsnøre i sjø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.07.2019
Alle som har fiska laksefisk er pliktige å rapportere fangsten. Inntil nyleg har det mangla ei god løysing for å rapportere inn fangst av laksefisk med stong i sjøen.

Fangstdagbok på nett

Miljødirektoratet har no lagt til rette for at alle som driv med stongfiske i sjø, kan rapportere inn fangsten sin av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. 
 
I nettløysinga Stangfiske i sjø rapporterar du kva art som er fiska, storleik, kvar og når fisken er fanga, kva reiskap som er nytta og om fisken vart avliva eller sett ut att. 
 
Data frå fangsrapporteringane vil bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget, og vert nytta av forvaltninga. 
 
Lurer du på kva fiskereglar som gjeld? Dei finn du her.
 
 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.