Stenging av laksefiske i Sogn og Fjordane

Fisket etter laks i fleire vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert i år stengt 14 dagar tidlegare. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.07.2019

Miljødirektoratet har fastsett ei forskrift om ekstraordinære reguleringstiltak for fiske etter laks i vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden. Vassdrag som ikkje har midtsesongsevaluering og avtale med Fylkesmannen om førehandsavtala tiltak, får redusert fisketida på laks med 14 dagar. For dei fleste vassdraga betyr det at fisket etter laks i år vert avslutta 17. august.

Reduserte fangstar

Bakgrunnen for dei ekstraordinære reguleringstiltaka er at fangstane i sentrale vassdrag i Sogn og Fjordane er vesentleg lågare enn normalt. Tala tyder på at innsiget er avvikande lågt for vassdrag i denne regionen, og under 50 % av kva som ligg til grunn for gjeldande regulering. For å sikre nok gytefisk i elvane til hausten vert difor fisket redusert med 14 dagar.

Midtsesongsevaluering

I vassdraga Nærøydalselva, Daleelva (Høyanger), Mørkridselva, Lærdalselva, Sogndalselva, Årøyelva, Vikja, Nausta og Osenelva har lokal forvaltning avtale med Fylkesmannen om førehandsavtala tiltak, som skal setjast i verk om midtsesongsevalueringa tilseier at gytebestandsmålet ikkje vert nådd. Desse vassdraga er difor ikkje omfatta av forskrift om ekstraordinære reguleringstiltak i elv i 2019. 

Viser midtsesongsevalueringa at det er mindre enn 50 % sjanse for å nå gytebestandsmålet, skal beskatningen opphøre for å bringe gytebestanden så nær gytebestandsmålet som mulig, jf. handlingsalternativ fire i retningslinene for førehandsavtalte tiltak. Fylkesmannen fylgjer opp midtsesongsevalueringane. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.