Behov for meir kunnskap om storaure i Vestland
Storauren i Vestland kan vere i ferd med å forsvinne. Vi treng meir kunnskap om storaurebestandane i Vestland for å lage ei ny forskrift som vil gjelde for alle vassdrag med storaure. To vassdrag med storaurebestandar har nyleg blitt kartlagd.
Storaure har nasjonal verdi
Storaure er bestandar av aure der ein stor del av bestanden et fisk og veks seg store. Det er ulike økologiske definisjonar for kva ein storaure er. Det kan vere storaurebestandar med genetiske forskjellar frå ein "vanleg" aurebestand, eller det kan vere mange aure i ein "vanleg" aurebestand som vert fiskespisere og dermed storvokste. Meir om definisjonar om kva storaure er, finn du ved å følgje denne lenkja NINA-rapport 1498 "Storørret i Norge. Definisjon, status, påvirkningsfaktorer og kunnskapsbehov".
Dei ulike bestandane av storaure i Noreg representerar unike økologiske og kulturelle verdiar. Storaurebestandane er vurdert å ha nasjonal verneverdi, og det må takast særlege omsyn til storauren.
Storaurebestandane i Noreg er redusert
I ei samanstilling av kunnskap om storaure i Noreg frå 2018, såg ein at fleire bestandar av storaure vart redusert. Vasskraftregulering, arealinngrep, og beskatning er vurdert å vere viktige negative påverknadar på storauren.
Ny kunnskap om storaure i Vestland
I 2023 vart Sævareidvassdraget og Oselvvassdraget (Eimhjellevatnet) undersøkt ved habitatkartlegging av gyteelvar, elektrofiske og gytefisktelling. Trykk på denne lenkja for å lese meir Norce LFI-rapport nr. 534.
Resultata frå undersøkinga viste at storaurebestanden i Sævareidvassdraget ser ut til å vere i god tilstand, men det er usikkert kor robust og stor bestanden egentlig er. I Eimhjellevatnet er storaurebestanden truleg redusert samanlikna med tidlegare nivå.
I rapporten er det føreslått endringar i fiskereglar for å ta vare på bestandane for å sikre eit haustbart overskot i framtida, i tillegg til andre tiltak for å styrke bestandane.
Ivaretaking av storaure i kommunale planar
Statsforvaltaren har regionalt ansvar for anadrom fisk som laks og sjøaure og sårbare bestandar av laksefisk. Vi har difor ansvar for storauren.
Storauren må sikrast i kommunale planar. Motsegn skal vurderast av Statsforvaltaren dersom det er føreslått ny arealbruk i planforslag som vil vere i konflikt med viktige økologiske funksjonsområde for storauren, les gjerne meir ved å følgje denne lenkja: T-2/16 Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet.
Vi jobbar med å markere område der funksjon- og gyteområde til storaure er kartlagd i Fylkesatlas. Kartlaget vil heite "Storaure-funksjonsområde", og vil verte plassert under kartlaget "Fiskeforvaltning".
Ny forskrift med fiskereglar for storaurevassdrag
I dag er det forskrifter med fiskereglar som gjeld for nokre enkeltvassdrag med storaure (sjå forskrifter til høgre). Desse skal slåast saman til ei felles forskrift med fiskereglar for alle vassdrag med storaurebestandar. Reglar som kan vere aktuelle er til dømes avgrensingar på reiskap og avstand til gyteelvar.
Finst det storaure i ditt vassdrag?
Vi veit at det er storaure i enkelte vassdrag i Vestland. Det er andre vassdrag der vi er usikre på om det er storaurebestandar. Dei storaurebestandane vi har oversikt over er lista opp her:
Kjente storaurebestandar i Vestland
- Sævareidvassdraget
- Breimsvatnet
- Jølstravatnet
- Eimhjellevatnet
- Hafslovatnet
- Oldevatnet sør
- Oldevatnet nord (usikker status)
- Hornindalsvatnet
Vi treng opplysingar eller tips om vassdrag der det kan vere storaure utover dei som er lista opp over. Ta kontakt med fiskeforvaltarane hjå Statsforvaltaren dersom du tror det finst bestandar av stor aure som spis fisk, og er av ei viss storleik i ditt nærvassdrag.