Første rapport frå det treårige overvakingsprogrammet i Måløy er klar
Rapporten for 2023 skildrar vasskvalitet og økologisk tilstand i sjøområda som omkrinsar Måløy.
Kva undersøker ein i overvakingsprogrammet?
Hovudprogrammet består av ei treårig undersøking av næringssalt og klorofyll i øvre del av vassøyla, samt siktedjup, oksygenmålingar og prøvetaking av botnfauna og miljøgifter i sediment på ni stasjonar i Ulvesundet-Raudeberg, Ulvesundet – Måløy, Vågsfjorden og Skavøypollen. I tillegg blir det tatt 19 sedimentprøvar i nærsona til fleire verksemder (Figur 1). Kostnaden ved desse dekkar verksemda sjølv. Nærstasjonane seiar noko om verksemda si påverknad i det området kor dei har lov å sleppe ut noko som kan føre til heilt lokal forureining, men som ikkje skal sjåast igjen ute i resipienten. Her kan vi sjå på om belastninga i dette området er å finne igjen ute i resipienten i det området kor miljømålet etter vassforskrifta skal vere god tilstand innan 2027. Resultat frå dette programmet blir samanlikna med tidlegare undersøkingar.
Overvaking etter vassforskrifta
Undersøkinga tek utgangspunkt i føringar sett i vassdirektivet. De kan lese meir om kva overvaking etter vassforskrifta er her.
Kort oppsummering av resultata
Næringssalt
Overvakingsprogrammet viste låge konsentrasjonar av næringssalta total-fosfor, fosfat, total-nitrogen og nitrat/nitritt, med gjennomsnittskonsentrasjonar i for det meste "svært god" tilstand for dei tre undersøkte stasjonane i Ulvesundet-Måløy, Ulvesundet-Raudeberg og Vågsfjorden.
Klorofyll
Undersøkingane viste stort sett lågt innhald av klorofyll på alle stasjonane, med alle gjennomsnittskonsentrasjonar i «svært god» tilstand ved alle prøvetidspunkt på alle tre stasjonar, med nokre få unntak.
Hydrografi
Hydrografiundersøkelsen viste gode forhold av oksygenmetning og oksygenkonsentrasjon for alle vannforekomstene, foruten Skavøypollen, hvor det var svært dårlige oksygenforhold i januar og september.
Blautbotnfauna
Det blei målt høg grad av organisk belastning i sedimentet i alle vassførekomstar unntatt Vågsfjorden. Analysane av blautbotnfauna viste svært god og god tilstand for Vågsfjorden og Ulvesundet – Raudeberg. Enkelte stasjonar i Ulvesundet – Måløy og Skavøypollen viste moderat, dårleg eller svært dårleg tilstand.
Miljøgifter
Vågsfjorden viste låge nivå av dei ulike miljøgiftene tilsvarande god tilstand, mens Skavøypollen, Ulvesundet – Raudeberg, Ulvesundet – Måløy viste høge nivå av en del miljøgifter, tilsvarande dårleg tilstand. Dette gjelder nærsone så vel som stasjonane ute i resipienten.
For meir detaljerte opplysningar om funn i undersøkinga så langt oppfordrar vi til å lese rapporten.
For detaljer om den oppdaterte miljøtilstanden for vassførekomstane kan ein finne i Vann-Nett databasen. Koplingar direkte til vassførekomstane under:
Kontaktpersoner
Overvaking av sjøområda i Måløy
Første del av overvakingsprogrammet starta i desember 2022. Dette er eit større spleiselag i regi av Statsforvaltaren kor kommunen og verksemder med relevant utslepp til fjordsystemet er med på finansieringa.