Ny forskrift for forureinande verksemd
Frå 1. januar 2025 tredde ei ny forskrift i kraft som vil påverke mange industriverksemder i Noreg. Forskrifta gjeld verksemder med løyve etter forureiningslova som óg er omfatta av industriutslippsdirektivet.
Denne forskrifta, eit nytt kapittel 36A i forureiningsforskrifta, inneheld generelle krav til forureinande verksemd med løyve etter forureiningslova § 11, og som i tillegg er omfatta av industriutsleppsdirektivet. Forskrifta er utvikla for å sikre likebehandling av verksemder og ei meir effektiv miljøforvaltning.
Denne nettsaka er meint å gje ei oversikt over dei viktigaste punkta i den nye forskrifta. Det er viktig at kvar einskild verksemd set seg grundig inn i krava og sørgjer for å overhalde dei.
Forskrifta gjeld verksemder med løyve som er omfatta av IED
Krava i forskrifta gjeld for verksemder som har løyve etter forureiningslova § 11 som i i tillegg er omfatta av EUs industriutsleppsdirektiv (IED). Statsforvaltaren i Vestland er forureiningsmyndigheit for følgande IED-bransjar:
- avfallsanlegg inkludert deponi (sjå kap 36 for detaljar om kva anlegg det gjeld)
- kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling
- næringsmiddelindustri/slakteri
- fiskeforedling
- fôrproduksjon
- disponering eller gjenvinning av animalske biprodukt
Detaljert informasjon og oversikt over alle verksemdstypane som er omfatta av IED finn de i vedlegg 1 til kapittel 36 i forureiningsforskrifta. Verksemd på kontinentalsokkelen er ikkje omfatta av denne forskrifta.
Nye krav til avfallsførebygging og -handtering
Ei viktig endring er dei nye krava knytt til avfallshandtering og dokumentasjon av mottakarar av avfall til gjenvinning og biprodukt. Det er óg ei opplysningsplikt om innhaldet i avfallet.
Dei nye krava vil elles ikkje medføre store endringar
For dei fleste verksemder vil ikkje dei nye krava medføre store endringar i praksis, då mange allereie følgjer liknande vilkår. Den største endringa er at dei generelle krava no er samla i ei forskrift, og ikkje i det einskilde løyvet. Dette betyr at mange av krava som blir stilte til di verksemd no er samla i ei felles forskrift. Dette gir ei meir føreseieleg og einsarta ramme for alle ramma verksemder som er omfatta, og sikrar at like verksemder har dei same krava å ta omsyn til, uavhengig av når løyvet vart gjeve.
Det kan vere overlappande vilkår mellom den nye forskrifta og eksisterande løyve. Det vil da vere det mest restriktive vilkåret som gjeld.
Kva bør du gjere?
- Gjer deg kjend med den nye forskrifta og dei krava som gjeld for di verksemd.
- Sørg for at de har system og rutinar på plass for å overhalde krava, inkludert utsleppskontroll, avfallshandtering og energileiing.
- Ta kontakt med forureiningsstyresmaktene dersom de har spørsmål eller treng rettleiing.
Dei viktigaste krava og pliktene i forskrifta inkluderer:
Reduksjon av forureining: De skal redusere utsleppa frå verksemda så langt det er mogleg utan urimelege kostnader. Dette gjeld også utslepp av stoff det ikkje er sett spesifikke grenser for i løyvet. Viss produksjonsnivået blir redusert i prosessar der utsleppa er proporsjonale med produksjonsmengda, skal utsleppa reduserast tilsvarande.
Utsleppskontroll: Verksemda di er pliktig til å kontrollere og dokumentere utslepp til både luft og vatn. Dette betyr at de må ha system for å overvake, måle og registrere kva stoff som blir sleppte ut, og i kva mengder. Kontrollen skal omfatte komponentar som er regulerte med grenseverdiar i løyvet eller i forskrifter, og dessutan andre komponentar som kan ha miljømessig betydning. Viss løyvet ditt set grenser for kor mykje forureining de kan sleppe ut, men ikkje krev at de måler utsleppa, må de likevel vurdere utsleppsmengda minst éin gong i året.
Utskifting av utstyr: Når de byter ut utstyr, skal det nye utstyret vere i samsvar med beste tilgjengelege teknikkar som beskrive i Vedlegg II til forureiningsforskrifta kapittel 36 og BAT-konklusjonar.
Førebyggande vedlikehald: Di verksemd skal sørgje for førebyggande vedlikehald av utstyr som kan føre til utslepp. De må ha rutinar for å halde utstyret i god stand, og dette må dokumenterast.
Forureina grunn og sediment: De må ha oversikt over eventuell forureina grunn på eigedomen, og forureina sediment utanfor. De må vurdere om det er behov for undersøkingar eller tiltak.
Kjemikaliar: De må vurdere om de kan bytte ut farlege kjemikaliar med mindre farlege alternativ. Dette må dokumenterast.
Energileiing: Di verksemd må ha eit system for energileiing for å bruke energi så effektivt som mogleg. Dette skal vere ein del av internkontrollen. De skal utnytte overskotsenergi internt og legge til rette for at andre kan bruke energien eksternt så langt det er mogleg.
Avfall: Generelt skal alle vurderingane knytt til handtering og førebygging, gjenvinning av avfall og bruk av biprodukt dokumenterast og all dokumentasjon må takast vare på i minst fem år.
Avfallshandtering og førebygging: Avfall frå verksemda skal førebyggast og handterast etter ei prioritert rekkefølgje: førebygging, ombruk, materialgjenvinning, anna gjenvinning og sluttbehandling. Vurderingane skal dokumenterast.
Gjenvinning av avfall: Dersom de sender avfall til andre for gjenvinning, må de dokumentere kven som får avfallet, korleis det skal gjenvinnast, og kva avfallet inneheld.
Bruk av biprodukt: Dersom biprodukt frå verksemda blir brukt av andre enn verksemda, må de dokumentere kven som får produktet, og kva det inneheld.
Handtering av avfall: All handtering av avfall må baserast på ei risikovurdering. Farleg avfall skal lagrast innandørs, og på eit underlag som hindrar forureining. Farleg avfall skal ikkje tynnast ut.
Målingar: Målingar, måleutstyr og metodar skal kvalitetssikrast slik at dei gir representative tal for det faktiske utsleppet for verksemda. Dette omfattar volumstraummåling, prøvetaking, analyse og berekning. Målingane skal utførast etter Norsk Standard, eller internasjonal standard viss norsk standard ikkje finst. Viss eksterne laboratorium blir brukte for målingar, skal desse vere akkrediterte, dersom det finst slike tenester. Viss verksemda di analyserer parametrar som er regulerte med grenseverdiar sjølv, skal de delta i samanliknande laboratorieprøving eller jamleg verifisere analysar med eit eksternt, akkreditert laboratorium. De skal også jamleg vurdere om plassering av prøvetakingspunkt og metodar gir representative prøver, og dessutan kontrollere og kalibrere måleutstyret jamleg.
Program for utsleppskontroll: Di verksemd må ha eit program for utsleppskontroll som beskriv korleis utsleppa blir kontrollerte og blir kvalitetssikra. Dette programmet skal haldast oppdatert og inngå i internkontrollen for verksemda.
Rapportering: Di verksemd skal rapportere til forureiningsmyndigheitene ein gong i året om forureining, avfall, energi og andre miljømessige forhold.
Miljørisikoanalyse, risikoreduserande tiltak og beredskap: De må ha ei miljørisikoanalyse som viser kva som kan føre til forureining, og vurdere risikoen opp mot kva som er akseptabelt. De må sette i verk tiltak for å redusere risikoen så langt det er mogleg. De må også etablere beredskap mot akutt forureining ved behov.
Eigarskifte og nedlegging: Ved eigarskifte, omorganisering eller nedlegging, skal de melde frå til forureiningsmyndighetene.